9B28ECFC 5E5A 4214 8016 060092E585C2
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Fjellblom feirer 70 år med musikkglede

Fjellblom feirer 70 år med musikkglede

31. oktober 2022
Fjellblom musikklag feirer 70 år med musikkglede og ber no inn til storstilt jubileumskonsert laurdag 12. november!

- Vangshallen skal forvandlast til konsertlokale, lys, lyd og scene skal riggast og stemninga vil bli til å ta og føle på, seier Jon Eggen. 

- Det er ikkje kor dag ein blir 70 år, så vi ønsker å be inn til skikkelig jubileumsfeiring og håper at mange har lyst til å vera med og feire, smiler han. 

 

Mjuke tonar sidan 1952 

Heilt sidan 1952 har musikk og mjuke toner levd i Fjellblom musikklag.

- Korpset har vore i drift utan opphald heilt frå 1952, noko som eigentleg er ganske imponerande og kanskje ikkje så vanleg i dagens korps-norge. Det skal vi absolutt vera stolte av, meiner Eggen. 

Han er ein av tre medlemmar som har runda 40 år i korpset, noko ein kan ta som eit godt teikn på at dette må det vera artig å bruke tid på! 

- Me har ein dyktig og positiv gjeng i Fjellblom i dag. Å spele i korps er artig og sosialt, og me har eit godt miljø der me får spennande musikalske utfordringar, seier Eggen. 

- Me må og skryte av dirigenten vår, Jostein Hillestad, som med stødig hand bidreg til ei god musikalsk utvikling i korpset. Noko som inspirerer og motiverer oss til innsats, legg han til.

- Denne hausten har me og hatt to helgeseminar og fleire ekstraøvingar for at alt skal sitte til jubileumskonserten. Så no er me klare for feiring, fortel Eggen. 

 

 

Jubileumskonsert med nytt repertoar 

Frå starten har Fjellblom musikklag hatt 16 dirigentar, og 4 av dei som har hatt lengst tenestetid i korpset kjem på jubileumskonserten.

- Dei vil få nokre musikalske utfordringar, og det kan me dra fram som eit av kveldens høgdepunkt! Det vil bli riktig så artig og spennande for oss alle, meiner Eggen.

Han fortel at repertoaret dennne kvelden blir variert. Det blir musikk som er lagret i arkivet i lang tid, til nesten helt ferske nyskrevne låter, og i et stort spekter av sjangere. Fjellblom har også solister i egne rekker, samt eit med vokalist. 

Kveldens konfransier blir Anne Heidi Kvam Hillestad, som går siste året på musikkteater ved høyskolen Kristiania.

Dørene  opnar 18.30, og i foajeen blir det servert forfriskningar og vist bilder og filmsnutter frå korpset si historie.

- Så er me alltid opne for å få med oss fleire i korpset, og håpar at denne kvelden kan inspirere korpsentusiastar der ute. Me har planer om å starte eit oppfriskningskurs for dei som har spelt litt i korps før og som vil starte opp att, men treng ein innkjøringsperiode, legg han til. 

-  Vel møtt til jubileumskonsert og feiring av 70 år med musikkglede saman med Fjellblom musikklag! 

 

Billettsalg i døra, 200,- for vaksne, barn gratis inngang.