Åshild Samseth skal jobbe med filmproduksjon frå Vang og Guro Asdøl Midtmageli er på plass som fotojournalist for Vinjerock via Fjellspire-prosjektet.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Fjellspirene i gang

Fjellspirene i gang

09. juni 2020

Åshild og Guro jobbar som fjellspirer i Vang denne sommaren.

– Eg får nytta utdanning og erfaring til å dytte fram gode folk og historier frå Vang. Fjellspirejobben er eigentlig midt i blinken for meg, fortel Åshild Samseth som skal jobbe med filmproduksjon for Innovangsjon dei neste vekene.

Åshild har både filmutdanning og ein grad innan bioteknologi med seg og vurderer både dokumentarfilm, kommunikasjonsjobb eller å jobbe med bioteknologi frå hausten av.

Ho har fått sommarjobb i Vang via Fjellspireprosjektet der fire kontorfellesskap i Fjell-Noreg har står saman om å tilby sommarjobb til unge folk. Også i dei andre dalføra er brorparten av fjellspirene i gang med arbeidet denne veka.

Fyller på for Vinjerock

Det vert ingen Vinjerock i år, men det vert ikkje stille frå fjellheimen for det. Det skal fjellspire Guro Asdøl Midtmageli syte for dei neste vekene då ho er fjellspire som fotojournalist for festivalen.

- Eg skal fyrst og fremst ut og møte dei lokale matprodusentane og andre leverandør til Vinjerock som eit ledd i å halde både dei og Vinjerockarane varme fram mot neste år, fortel Guro.

Ho har etter eit år på reisefot søkt seg til fotojournalistutdanning i Oslo frå hausten av, som ho får svar på om ho kjem inn der i løpet av fjellspirehopphaldet i Vang. Dette er for øvrig andre året tretlingen er innom Vang som fjellspire.

– Det er ny arbeidsgjevar med andre oppgåver i år, og både sjølve jobben, miljøet i Vang og moglegheitene for aktiv fritid passar meg godt.

Seinare i sommar kjem også ein fjellspire som skal jobbe for Mountains of Norway.



Synleg samarbeid


Det er altså fire kontorfellesskap i Fjell-Noreg med tilhøyrande bedrifter som står saman om Fjellspire som starta opp i fjor.



– Etter fjoråret ser vi at dette fungerer bra. Både fjellspirene og bedriftene var særs nøgde med opplegget og mange av fjellspirene har halde fram med å jobbe i større eller mindre grad for bedriftene i etterkant, fortel leiar for fjellspireprosjektet Hallgrim Børhus Rogn i Innovangsjon. 

Prosjektet har eit klart mål om at fleire av dei som er innom på sommarjobb skal koma attende til dalføra på sikt.

- Om ein kjem som arbeidstakar, startar si eigen bedrift eller tek med seg ein jobb ut frå byen er alle like gode vegar. Fjellspire handlar om å syne at det er breidde i arbeidsmarknaden og alle moglegheiter - også ute i Bygde-Noreg, fortel Rogn.

Innlandet og Viken fylkeskommunar har gått inn med støtte til prosjektet, det same har Sparebank 1 Lom og Skjåk og Sparebank 1 Hallingdal og Valdres.