Breiddeklubben FK Vang treng ny styreleiar som kan syte for kontinuitet i det viktige tilbodet til borna i bygda. Foto: Oddvin Almenning
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv FK Vang treng ny leiar

FK Vang treng ny leiar

06. mars 2017

– Det har vore artige år som leiar, men eg føler no det er naturleg å gje seg, fortel avtroppande leiar Marianne Berge.

Dermed leiter valkomiteen til FK Vang etter ein arvtakar som leiar for klubben som vart stifta i 1991.

Ein breiddeklubb

FK Vang er ein lokalklubb av tradisjonelt merkje. Det er dei aldersbestemte laga som er i fokus for mesteparten av styrearbeidet, samstundes har FK Vang som ein av få lokale klubbar også eit seniorlag.

– Vi har gode kandidatar til alle dei andre rollene i styret, men vi har ikkje funne fram til leiar, samt at vi ser etter ein til sportsleg utval, fortel Unni Sandsengen som leiar valkomiteen.

Årsmøte er måndag 13. mars klokka 19:30 i klubbhuset på Tveit stadion. 

Varierte oppgåver

Ved sidan av å leie styremøter er det eit sett med andre ansvarsoppgåver knytt til drifta av ein breiddeklubb som FK Vang.

– Det er ein del å setja seg inn i, men eg brukar sjølvsagt den tida som trengst for å setja den nye leiaren inn i alle rutinar, fortel avtroppande leiar Berge.

Dette er dei viktigaste oppgåvene som leiar:

  • Sette agenda for styremøter
  • Overordna ansvar for strategi og planar
  • Pressekontakt for klubben
  • Ansvar for dagleg drift/administrative rutiner

Er du interessert i å ta i eit tak for fotballen i Vang? Kontakt Unni Sandsengen som leiar valkomiteen: unnis2009@live.no // 95089302

Lurar du på meir om kva vervet som leiar i FK Vang betyr av oppgåver og ansvar, kontakt avtroppande leiar Marianne Berge: marianne@ryfossbetong.no // 907 54 260