Foto: Katharina Sparstad.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Foredrag om Saltmannvegen over Filefjell

Foredrag om Saltmannvegen over Filefjell

23. mars 2022
Torsdag 31. mars kl 19.30 inviterer Vang historielag i samarbeid med Vang frivilligsentral til foredrag med Ragnar Eltun om Saltmannvegen over Filefjell, på Vang folkebibliotek.

- Ragnar har registrer 180 varder og merker som syner vegleia som vart nytta i fleire hundre år, og før Kongevegen vart bygd. Han har vore grepa nøye, og registrert alt med bilder og GPS-koordinater, fortel leiar i historielaget Tore Hovda.

- Det er uvisst kor langt tilbake i tid denne vegen er nytta, mykje tyder på at han har vore i bruk i fleire hundre år. Ragnar har funne svært gamle hestesko etter leia, og tufter syner stor aktivitet langs vegen. Dette er eit foredrag som alle bør få med seg - vi gler oss til ei spanande historie! 

I forkant av foredraget held historielaget sitt årsmøte, kl 19. Vanlege årsmøtesaker. Velkomne skal de vere!