Omlag 30 utstillarar er klare for førjulsmarked i Øye samfunnshus denne helga! Her finn du blant anna keramikk, strikk, julemat, kurv, trearbeid, goro, pinnekjøtt, måleri, juledekorasjonar, akvareller, foto, dukkekle, skinnarbeid, gele, kransekake, lefser, kjerringforlengar, rakfisk, sjokolade, skilt etc.
Dette er med andre ord særs stuttreiste gåver til jul, eller kanskje noko du har bruk for sjølv? Torsheim står for servering av lappar og kaffe!
Opningstid:
Laurdag 25. november og syndag 26. november 11.00 – 16.00.
Velkommen til lokal og triveleg handel!