Nyheit

Forteljarteater og premieutdeling i Vang

  Nyheitsarkiv
13. sep 2016
Hulder-historier, utstilling og premieutdeling

Det vert hulder-historier frå fleire land og annonsering av vinnarane frå årets sommarles-konkurranse på Vang folkebibliotek.

Laurdag 17. september kl. 14 blir det forteljarteater og avslutning av årets sommarles på Vang folkebibliotek. Då kjem Gulnara Bakke frå Det fleirspråklege bibliotek for å fortelje historier om Huldra frå ulike land, som den slaviske Baba Jaga med krokete nase og pukkelrygg, litauiske Laume som stjel spedbarn og byttar dei med sine eigne, eller kannibalkvinna Dhegdheer frå somalisk folklore som spring fortare enn den raskaste hest, og vår eigen Hulder som lokkar menn inn i fjellet. Til forestillinga følgjer også ei utstilling som vil stå på biblioteket ut september.

 

Gjeve premiar til sommarleskonkurransa

I tillegg blir det utdeling av premiar til vinnarane av årets sommarleskonkurranse. Om lag 15 skuleelevar har delteke i årets sommarles, og dei ivrigaste har lese over 30 bøker. Hovudpremien er eit verdikort på 1000 kr sponsa av Vang Sparebank, i tillegg deler vi ut 4 bokpremiar. Alle er velkomne!