Biblioteksjef Marianne Riste og Kine Johanne Kvannefoss frå Ryfoss treningssenter håpar mange deltar på Den Store Byttedagen 2023!
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Forvandlar biblioteket til klesbutikk for ein dag

Forvandlar biblioteket til klesbutikk for ein dag

11. april 2023
Drøymt om å shoppe i Vang? Då har du sjansen no snart! Laurdag 22. april arrangerast nemleg den store klesbyttedagen på Vang folkebibliotek!

Den store klesbyttedagen er ein nasjonal dag, og arrangerast fleire plassar i landet den 22. april. Her i Vang er det Ryfoss treningssenter, Vang folkebibliotek og Frivilligsentralen som har gått saman om å arrangere byttedagen, frå 10.00-14.00 laurdag 22. april.

- Vi gler oss veldig til å arrangere, og håpar at mange tek turen denne dagen! Dette er eit arrangement for alle, og vi håper å få inn klede til både barn, unge, vaksne og eldre, seier Kine Johanne Kvannefoss, ved Ryfoss treningssenter.

- Frå i dag og fram til fredag 21. april tek både vi på biblioteket i mot klede, og Kine tek i mot på frisørsalongen i Ryfoss. Det er mogleg å levere maks sju plagg, og for kvart plagg levert får du ein kupongar å handle for på sjølve byttedagen, seier Marianne Riste, biblioteksjef ved Vang folkebibliotek.

 

Miljøvennleg byttehandel 

Dei aller fleste av oss har for mykje klede, og kanskje ein del vi ikkje bruker. Den store klesbyttedagen er det Naturvernforbundet som årleg har arrangert, og stått i bresjen for. Dei vil sette fokus på kva kleda våre eigentleg kostar miljøet.

- Tanken er jo at nokon andre kan få glede av det ein sjølv ikkje treng eller vil ha meir. På den måten får kleda nytt liv, utan at ein treng å gå til innkjøp av noko nytt, seier Kvannefoss.

Ho fortel at dei tek i mot heile og reine klede, men ikkje undertøy. I tillegg er det fullt mogleg å levere klede, uten å ville ha tilbake kupongar.

- Om ein berre vil gje frå seg klede og ikkje vil ha kupongar i retur, vil kupongane bli gitt bort til dei som vil ‘handle’ men som ikkje har noko å bytte inn, seier Kvannefoss.

 

Fleire arrangement i samme ånd 

Som om ikkje byttehandel på biblioteket var nok i seg sjølv, vert det også arrangert ei rekke andre arrangement i same ånd, i dagane etterpå!

Jokerspace Ryfoss arrangerer sydag same helg, 23. april. Dette er ein dag og ein møteplass for alle som er interessert i å sy! Her kan ein fullføre eit prosjekt ein har hatt liggande alt for lenge, eller ein kan finne inspirasjon til å kome i gang med eit nytt.

Tysdag 25. april er det fiksekveld ved Åsvang samfunnshus med Vang husflidslag. Denne kvelden er det fokus på å reparere eller fikse på øydelagde klede. Her kan ein lære å bøte, lappe og stoppe. Husflidslaget har fått pengar og materiell til å vera med på prosjektet ¨Alt kan fikses¨ hjå Norges Husflidslag.

Laurdagen den 29. april arrangerer FK Vang bytting av fotballutstyr på Tveit Stadion klokka 15.00. Her er det ope for at så mange som mogleg tek med utstyr som har blitt for lite, slik at ein får bytta gamalt utstyr seg i mellom. Gunn Audhild Tørstad vil ha ansvar for dette - og alt fotballutstyr (særleg sko) er av interesse! Har du ein overtrekksdress som er for liten, eller anna fotballutstyr du har vakse ut av er målet at dette finn nye eigarar!

Det ligg med andre ord godt til rette for å både gjere ein god byttehandel, og lære seg å sy eller reparere klede i Vang dei neste vekene!