Cathrine Dokken og Christine Støa Stokkebryn er to fotografar for framtida, no med eige studio i Ryfoss.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv #Føssefotostudio

#Føssefotostudio

16. desember 2014

Cathrine Dokken og Christine Støa Stokkebryn har nett har opna eige fotostudio i Ryfoss og Vang har dermed fått både privat– og reklamefotograf til kommunen. 

– Ryfoss har alt eg treng. Romslige lokale, leveleg husleige, selskap på arbeid, nok parkering og ein nydeleg skog å lufte hunden i, seier Cathrine Dokken om valet av Ryfoss. Christine deler entusiasmen for Ryfoss og er særs godt nøgd med både lokaler, kollega og plassering. – Det er både trygt og triveleg å dele arbeidsplass med ein annan fotograf. Det er alltid nokon til å diskutere med og få hjelp av, seier ho. 

Det heile byrja med ein facebookpost Cathrine fekk med seg i apri. Tveitabru bygg hadde nett kjøpt «Garstadbygget» og var ute etter leigetakarar til næringslokalet. 

– Etter ein kjapp prat med Christine var vi einige om at dette kunne fungere oss. Vi tok kontakt med Tveitabru og dei har vore fantastiske heile vegen fram mot ferdig kontorlokale, fortalte Dokken under opningsfesten no i desember. Ho rosar også det positive miljøet i Ryfoss handelsstad der alle dreg i same retning. – Mange lurer på kvifor vi opnar «heilt oppe i Ryfoss», men det kjem jo an på kvar ein meiner ein byrde vera. Her er ein liten halvtime til både Beitostølen og Fagernes om ein lyt dit.

- Eg har ingen ting mot minuttane i bil for å kome meg på arbeid. Studioet har vorte AKKURAT som vi ynskja og eg gledar meg til å koma på arbeid kvar dag, seier Stokkebryn. 

Utfyller kvarandre

Cathrine Dokken har arbeida som fotograf i Valdres dei siste åra, med reklamefoto for bedrifter som eit spesialfelt. Christine har bakgrunn frå «Norges kreative fagskole» og rettar seg fyrst og fremst mot privatmarknaden. 

- Born, ungdom, familie, grupper, konfirmasjon, bryllaup, gravide osv. Eg fikser det meste! I byrjar også å printe sjølv i det nye studioet. Alt frå A-3–printar til takkekort, julekort og liknande kan folk då få med seg frå Ryfoss, fortel Stokkebryn. 

Les meir på cathrinedokken.no og christinestokkebryn.no. Eventuelt ta turen innom #Føssefotostudio for ein fotoprat :-) Opningstider er frå klokka 9–16 måndag–fredag.