Nyheit

Fotballturnering for alle

  Nyheitsarkiv
04. apr 2016
Espen Hovi og Marianne Berge i FK Vang, Marte Tangen på frivilligsentralen og René van den Berg, Saleh Lamei og Hamid Parwani frå mottakssenteret er klare for å skape fotballfest i september.
Samarbeid om turnering på Tveit stadion

I september er det klart for fotballfest på Tveit stadion. Grendelag, bedrifter og vennegjenger er velkomne til å stille lag i den nye turneringa som bebuarrådet ved Vang mottakssenter, FK Vang og Vang frivilligsentral står bak. 

For to år sidan drog leiaren av bebuarrådet på Vang mottakssenter i gong ei fotballturnering, og det vart ei morosam oppleving både for kommunehuslaget (leia av ordførar Eltun), laget frå kontorfellesskapet 1724 og dei to laga frå mottaket. No skal eit enno breiare team sørge for ny fotballfest til hausten! Laurdag 3. september brakar det laus på Tveit stadion, og både bedrifter, vennegjengar og grendelag oppmodast til å stille. Dette blir ein real folkefest for heile bygda, med mat, god stemning og vandrepokal til vinnarlaget.

– Vi har mange ivrige fotballspelarar på mottaket, og det er supert for dei å ha noko å sjå fram til, samt eit godt høve for å treffe andre vangsgjeldingar, seier aktivitetsleiar ved mottakssenteret René van den Berg.

Også FK Vang er med på laget, og sørger for gode speleoppsett, dommarar og alt anna som tengst når ein skal arrangere cup. Innovangsjon er sjølvsagt engasjert og Marte Tangen på frivilligsentralen held i trådane.

– Det var ei unik stemning på turneringa i 2014, sjølv for meg som er fullstendig uinteressert i sport var det herleg å sjå så mange knyte nye kontakter og ha det moro saman. Fotball er eit språk alle kan, på tvers av kultur og språk, og derfor ein genial arena for integrering og god stemning, seier ho.

Dette skal vere ei turnering med låg terskel for alle som ønskjer å vere med, og arrangørgjengen oppmodar så mange som mogeleg til å bli med på moroa.

– Vi køyrer 7er-lag - og korte omgangar, lovar leiar i FK Vang, Marianne Berge. Men dei to frivillige frå mottaket, Saleh Lamei og Hamid Parwani, er allereie i gong med å planlegge lagoppsettet;

– It's important for us to work on the teams and choose the right position for each player. We will be practicing a lot through the summer, this will be fun, oppsummerer dei begge - så her er det berre å legge seg i hardtrening! ;)

Påmelding til frivilligsentralen@vang.kommune.no eller 46 81 64 73.