Nyheit

Fotballturnering på Tveit 3. september

  Nyheitsarkiv
24. aug 2016
God stemning på fotballturneringa i 2014, her med lagleiar Vidar Eltun i spissen.
Fem lag påmeldt til no

Før sommaren starta frivilligsentralen, FK Vang,  Innovangsjon og mottaket samarbeidet om ei ny fotballturnering, som vi hadde stor suksess med for to år sidan. Laurdag 3. september kl 12 er det klart for kamp på Tveit stadion.

Til no er det 5 påmeldte lag, så det er absolutt plass for fleire til å melde seg på. Men cup blir det uansett!

- Vi køyrer 7er-lag - og korte omgangar, lovar leiar i FK Vang Marianne Berge. Det blir gratis grillmat, og FK Vang sitt jenter 12-lag held kiosken ope.

- Dette blir ei turnering med fokus på den gode stemninga, så vi håper sjølvsagt det også kjem mange publikummarar for å heie, seier leiar i frivilligsentralen Marte Tangen.

Fotballturneringa starta som eit initiativ frå bebuararådet på mottaket.

- Vi har mange ivrige fotballspelarar på mottaket, og det er supert for dei å ha noko å sjå fram til, samt eit godt høve for å treffe andre vangsgjeldingar, seier aktivitetsleiar René van den Berg.

Ta kontakt med frivilligsentralen om du vil melde på eit lag - det kan vere ei bedrift, ein vennegjeng, eit grendelag eller kva som helst. Kanskje blir det de som får med dykk vandrepokalen??

Bilete: god stemning på fotballturneringa i 2014, her med lagleiar Vidar Eltun i spissen