Fullsizeoutput 15A0
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Frå Oman til Eidsbugarden

Frå Oman til Eidsbugarden

24. september 2021
Lasse Tronstad og Tone Vold kom rett frå Oman då dei tok over som drivarar på EIdsbugarden hotell. No har dei byrja på eit nytt eventyr, nokre høgdemeter lengre over havet.

- Det er annleis, men det er utruleg vakkert og det føles heilt riktig. Me kan jo eigentleg sei at me kjem rett frå eitt eventyr til eit anna, smiler Lasse Tronstad. 

Frå solrike og varme Oman i Midtausten, til høge fjell og frisk fjellbris på Eidsbugarden. Overgangen har vore stor, men livet på fjellet verkar til å vera midt i blinken for Lasse og Tone. 

Lasse er musiker og har vore profesjonell trompetist i mange år, mens Tone er utdanna førskulelærar. 

- Eg er veldig glad i å gå i fjellet og hadde vore på Eidsbugarden tidlegare, men ingen av oss hadde nokon direkte tilknytting hit, seier Tone Vold.

- Likevel trivst me så utruleg godt og me føler me er akkurat der me skal vera, smiler ho.  

 

 

Ein hemmeleg draum 

Då Lasse og Tone i fjor vinter fekk nyss i at Eidsbugarden hotell hadde bruk for nye drivarar, vart det døra inn i det dei lenge hadde hatt lyst til. 

- Me har i mange år hatt ein liten hemmeleg draum om å vera nettopp vertskap og kunne skape dei gode opplevingane for folk. Både eg og Lasse er svært glad i å arrangere og ha besøk, så me såg vel på dette som ein unik moglegheit til å gripe draumen, smiler Tone. 

Og slik vart det. Sjølv om Lasse i utgangspunktet hadde sett for seg å kanskje drive ein urban kaffebar, var han ikkje vond å be då dei fekk tilslag. 

- Eg synes det er heilt fantastisk å få lov til å arbeide her. Når eg kvar morgon går stuptrøytt frå hytta vår og over til hotellet, er det som eit eventyr. Sola som kjem stigande opp mellom fjella, og Eidsbugarden vaknar opp til ein ny dag. Eg blir like fascinert kvar morgon, ler Lasse. 

 

 

Lærerik sumar

Sjølv om Lasse og Tone i mange år har vore glad i både selskap og besøk, er det ein stor overgang å ta over drifta av eit fjellhotell midt i Jotunheimen. Med læringskurve brattare enn Falketind og arbeidsdagar lengre enn Bygdin, har det vore fullt kjør for dei nye vertane. 

- Me har lært mykje på særdeles kort tid. Det er mykje jobb og lange dagar, men det er verdt det. Kvar einaste dag er det verdt det, smiler Tone. 

- Heldigvis har me fått utruleg mykje god hjelp, heilt frå starten av. Då me tok over hadde tidligare drivarar Bøye og Ragnhild allereie starta oppussing, og dei har stilt opp heile vegen. Solbjørg på Fondsbu har vore ein fantastisk hjelpar og ei dame me ikkje hadde klart oss utan, legg ho til. 

- Så må me sjølvsagt ikkje gløyme dei flinke ansatte me har hatt og har denne sesongen, dei har vore heilt unike, seier Lasse engasjert. 

- Me har også hatt mange gjestar på besøk denne sumaren og hotellet har vore godt besøkt. Gjestane er heilt fantastiske, dei er så interessert og spør om både Eidsbugarden, Vinje og hotellet. Det gler meg når eg får lov til å fortelje dei gode historiane herifrå, smiler Lasse. 

No ser Lasse og Tone fram i mot fleire sesongar i høgfjellet og gler seg over at fyrste kapittel i nytt eventyr er vel gjennomført.