Skjermbilde 2015-05-20 14.34.02.png
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Framtidstru frå Vang

Framtidstru frå Vang

20. mai 2015

– Vi ynskjer å syne at ein liten plass som Vang er liv laga, fortel styreleiar i Innovangsjon, Torstein Lerhol i høve at «Vangsfilmen» no lanserast.

Litt humor, mykje aktivitet og naturlegvis særs fine foto er stikkord for Vangsfilmen som no er på nett.

– Det nyttar ikkje å vera gravalvorleg når ein driv med bygdeutvikling, difor har vi eit litt skrått blikk på livet her. Samstundes som det så utruleg mange gode sider ved Vang at det sjølvsagt vert ein god dose skryt, fortel Lerhol.

Stikk til regjeringa

Det er samvirkeføretaket Innovangsjon som arbeidar med å auke folketalet i Vang til 1724 innbyggarar innan år 2020, som står bak filmen. I utgangspunktet er Innovangsjon upolitiske, men Lerhol legg ikkje skjul på at dette er eit innlegg i den store debatten om by/bygd.

– Det er eit klart innspel i bygdas kamp mot sentralisering. Vi ynskjer å syne både regjering og andre skeptikarar at livet på bygda er liv laga, fortel Lerhol.

Han har framtidstru både på vegne av Vang og resten av bygde-Noreg, og er stolt av filmen som no er på nett. 

 

Vangsfilmen from Innovangsjon on Vimeo.

Filmen er laga i samarbeid med selskapet Scanout som held til i Ulnes. Både Vang–Tyin–Filefjell reiselivslag og Vang kommune har bidrege til å realisere filmen.