Med litt større avstand mellom folka enn på dette arrangementet er det klart for bålkveld på Åsvang fredag 5. mars. Foto: Yngve Ask
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Fredagsbål på Åsvang

Fredagsbål på Åsvang

14. februar 2021

Innovangsjon inviterar til eit sosialt og smittetrygt avbrekk i kvardagen ved gapahuken i skileikanlegget på Åsvang fredag 5. mars.

– Det er ein jamn straum av nye sambygdingar til Vang for tida og det er greit å ha høve til å møtast på tvers av dei ein kjenner frå før. Då er eit bål og eit lite fredagsmøte utandørs eit godt alternativ, fortel Hallgrim Børhus Rogn i Innovangsjon.

Fredagsbål vert arrangert ved gapahuken i skileikanlegget på Åsvang fredag 5. mars frå klokka 19-2130.

– Du tek sjølv med med eigen turkopp til kaffien og ei sitteplate. Eventuelt om du vil varme noko på bålet tek du også med dette. Vi syter for at bålet brenn godt og at det er rikeleg tilgang på kaffi.

Det vert litt bakgrunnsmusikk og elles ikkje meir program enn ein kort presentasjon av nye vangsgjeldingar til stade.

- Det er bålpraten med gamle og nye vangsgjeldingar som står i fokus!


Gratis arrangement - påmelding på førehand til hallgrim@vangivaldres.no eller på sms til 41222769.

Parkering ved Åsvang samfunnshus. Faklar syner veg opp til gapahuken med bålpanne, sitteplassar og kaffi.
Hugs rikeleg med klede!