Det ligg godt til rette for koronatrygg og sosial problemløysing i Jokerspace sine lokaler.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Fredagskos i Jokerspace

Fredagskos i Jokerspace

02. november 2020

Velkommen til vaksenkveld i Jokerspace med sosial robotbygging, testing utstyr og pizza frå Saras mat fredag 13. november. 

– Den vanlege kvissen utgår, og vi køyrer heller uhøgtidleg robotbyggekonkurranse mellom laga, fortel Béatrice Bieuville. 

Ho er initiativleiar i Skaperkraft Valdres og jobbar mellom anna med aktivitetar i Jokerspace. Denne hausten har dei gode tilbod for born, ungdom og familiar - no opnar dørane også for alle andre interesserte.

– Det er sjølvsagt ope for vaksne på alle arrangement her, men eg tykkjer det er artig å gjera noko spissa mot vaksne. Det er såpass mange artige og nyttige maskiner på plass her no at dei aller fleste kan finne sine greier å halde på med her, meiner Bieuville.

Arrangementet er eit samarbeid med Innovangsjon og går som ein vanleg Fredagskos

– Jokerspace er eit rått lokale og høver seg godt for sosiale samankomstar. Med covid-tak på tretti, digg pizza frå Sara og ein heil drøss med duppedittar å teste i løpet av kvelden gleder eg meg stort til Fredagskos her, fortel Hallgrim Børhus Rogn i Innovangsjon.

Han tek i mot påmeldingar (maks 30) til hallgrim@vangivaldres.no eller sms til 41222769

Stad: Jokerspace, Ryfoss (Jokervegen 111)
Tid: Fredag 13. november klokka 1900

Inngang: 150,- (ink. robotbygging og pizza. NB: Nye gratis - inviter ein nabo!) 
Maks tal: 30 stk
Påmelding: hallgrim@vangivaldres.no // 41 222 769