Det var fullt hus under førre runde med «koseleg fredagspoker». No er det klart for VM!
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Fredagskos med VM i poker

Fredagskos med VM i poker

01. oktober 2019

Velkommen til Fredagskos med vangsmeisterskap (VM) i poker som eit samarbeid mellom «Grindafjell poker og mjød» og Innovangsjon.

– Det funka skikkeleg bra i vinter då vi fylte alle borda med både heilt ferske og temmeleg garva spelarar. No steppar vi opp og gjentek «koseleg fredagspoker» som eit uhøgtidleg Vangsmeisterskap (VM) i poker, fortel Frank Thune som er aktiv i pokerklubben Grindafjell poker og mjød, samt styremedlem i Innovangsjon.

Det heile skjer 8. november frå klokka 19 på Mjøsvang kafe med pizzabuffet fyrst og pokerturnering ut over kvelden. 

– Sjølve turneringa vert både seriøs og uhøgtidleg, akkurat som eit godt pokerlag skal vera. Vi har fleire bord og ein bordvert som går gjennom reglar og følgjer opp kvart bord og syter for at turneringsoversynet er oppdatert på storskjermen. Vi ender opp med eit finalebord og ein VM-meister, fortel Thune.

Det er påmelding til pizza & pokerVM, men alle har høve til å koma for øl og prat heile kvelden. Meir informasjon om premiar kjem i eigen event på facebook.

Og ja, hugs å invitere nye vangsgjeldingar om du har fått ein eller fleire nye naboar i det siste. Nye vangsgjeldingar vert presentert i ei pause i turneringa.

PROGRAM
19:00 - Dørane opnar
19:30 - Pizzabuffet
20:15 - Pokerturnering

Påmelding til pizza og poker til hallgrim@vangivaldres.no // 412 22 769 innan 6. november (Maks 80 plassar. Fyrst til mølla..)

CC: 300,- for pizzabuffet pokerVM.
18 års aldersgrense.


Velkommen!