Caba61a9bafe5e0997aa55786f17ab68b3f4329f
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Fredagskos og dansefest i Høre

Fredagskos og dansefest i Høre

27. februar 2023
Innovangsjon gjentek supersuksessen fra 2017 og kjører ei reprise av dansefesten i Høre, med Sara´s mat, Høre mannskor og Tørstad & Co i spissen 10. mars!

- Her er det berre å varme opp dansefoten og finne fram alt festhumør du har! Skikkeleg stas er det og at vi får arrangere saman med flinke folk i grenda, det er heilt topp, seier Ida Nordland Hillestad i Innovangsjon. 

- Sara skal lage ein deilig buffet med mat for enhver smak. Høre mannskor skal showe med sang og vera konger i baren, og Tørstad & Co skal sørge for topp stemning på dansegulvet. Det ligg med andre ord an til å bli ei kanonkveld, så her er det berre å melde seg på, legg ho til. 

 

Program for kvelden

18.30 Velkommen, dørane opner
19.00 Sara´s smaksrike buffet
20.00 Minikonsert med Høre mannskor
20.30 Quiz
21. 30 Minikonsert med Høre mannskor Vol.2
22.15 Dansefest med Tørstad & Co.

Pris 350,- per pers for middag, quiz, konsert og fest.
Påmelding til ida@vangivaldres.no eller 480 900 59 innan 6. mars.

NB: Gratis inngang (Vang kommune spanderar) om du er ny i bygda og ikkje har vore på Fredagskos tidlegare. Så, har du nye naboar eller venner – be dei med!

Kort og Vipps.

18 års aldersgrense.

Velkommen til dansefest i Høre!