Det vert livemusikk i peisestøga etter middagen.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Fredagskos på Fondsbu

Fredagskos på Fondsbu

29. mai 2017

Fjellbuffet a la Fondsbu med eit rikhaldig utval godsaker frå Vang og Valdres er på menyen når Fondsbu og Innovangsjon inviterar til fredagskos og sesongopning fredag 30. juni frå klokka 18:00.  

– Alt på menyen denne kvelden er laga frå grunnen i kjøkkenet vårt og råvarane er henta frå Vang og Valdres, fortel Solbjørg Kvålshaugen. Ho ynskjer å invitere bygda opp i det ho startar på sin sekstande sumarsesong som vertskap på Fondsbu.

Du får mellom anna servert:

  • Rakfisk frå Hande
  • Gravlaks frå eige kjøken
  • Fjellaure frå Bygdin
  • Fjellgris frå Valdres
  • Tyin-lam frå Øye
  • Kastratkalv frå Katevold i Vang
  • Hellekurv frå Røn
  • Ulike ostar frå Valdresmeieriet
  • Vikabråtost frå Røn
  • Og mykje meir...

– I tillegg til  dette vil det vera eit godt utval av salatar, sauser og anna tilbehør. Og sjølvsagt eit rikhaldig dessertbord, fortel Solbjørg.

Ho syter sjølv for underhaldning ved bordsetet og spanderar live-musikk på gjestane i peisestova resten kvelden.

Påmelding og praktisk

Påmelding til post@fondsbu.no innan 25. juni. Heile pakka kostar kr. 350,-/per person.

Hugs at Vang kommune spanderar kvelden på nye sambygdingar. Meld deg på til hallgrim@vangivaldres.no om du ikkje har vore på Fredagskos etter at du flytta til Vang!

Meld også frå om du ynskjer buss tur/retur. Vi set opp det i samarbeid med JVB om det vert nok påmeldingar. Denne går frå Ryfoss 16:45 og ned att frå Fondsbu 01:00. Det er sjølsvsagt også høve for å overnatte og ta heile helga til fjells.

Fondsbu har eit godt utval av drikke; både eit rikhaldig vinkart, og øl frå både lokale bryggeri og uttabygds øl, fatøl frå Aass og Valdres Gardsbryggeri.

Me sjåast!