Avslappa stemning, bra mat, bra folk og ein passe viren quiz er hovudingrediensane i Fredagskosen på Mjøsvang kafe.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Fredagskos på Mjøsvang kafe

Fredagskos på Mjøsvang kafe

08. oktober 2018

Haustens fyrste fredagskos vert på Mjøsvang kafe med ein velprøvd kombinasjon av pizza, kviss og pratefest med gamle og nye vangsjgjeldingar.

– Mjøsvang kafe er eit flott samlingspunkt i bygda og perfekt arena for Fredagkos. Pizza, kviss og øl med nye og gamle vener når hausten er på sitt mørkaste vert eit høgdepunkt i oktober, seier Hallgrim Rogn frå Innovangsjon.

Konseptet med Fredagskos er uformelle festar for bygdefolket som flyttar rundt frå gong til gong. Både vangsgjeldingar, hyttefolk og utanbygdsbuande er hjarteleg velkomne. Vang kommune spanderer fyrste Fredagskosen på alle nye sambygdingar.

Pizzabuffet de-luxe

Dørane opnar klokka halv åtte, og frå klokka åtte er det klart for ein de-luxe-versjon av pizzabuffet.

– Vi kliner til med nokre spesialvariantar av pizzaene, saman med flesteparten av klassikarane på repertoaret. Ved sidan av køyrer vi ein skikkeleg bra salat med fleire sausar, og etter middagen er det pratevolum på musikken og open bar til klokka eit som gjeld, fortel Hannen Fjell, dagleg leiar ved Mjøsvang kafe.

Påmelding til hallgrim@vangivaldres.no innan 15 oktober. Evt. sms til 41222769. NB: Hugs å invitere nye sambygdingar :-)

Program og info

Velkommen: 19.30
Middag: 20.00
Kviss: 21:00
FEST

CC: 200,- 

18 års aldersgrense