86757E8A B75A 4BB0 A8E7 3BA14A40CAF5
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Frisbeefeber i Føsse!

Frisbeefeber i Føsse!

12. juni 2022
Tynne plastikkskiver flyg på kryss og tvers gjennom skogholtet i Ryfoss. No er det nemleg satt opp splitter ny frisbeegolfbane i Føsse!

- Diskgolf er jo ein utruleg morosam aktivitet å halde på med. For meg er dette berre leik og morro, og eg synes det er så bra at Ryfoss no har fått sin eigen diskgolfbane, smiler Are Flaten. 

Denne våren har det nemleg blitt satt opp ein frisbeegolfbane i skogholtet bak YX i Ryfoss. Her har eit knippe ildsjeler frå Høre/ Ryfoss IL satt opp kurver og laga løype, for at bygdefolket skal ha ein artig aktivitet i nærområdet. 

- Idrettslaget hadde eit stort ynskje om å finne på noko kjekt for bygdefolket, og me gjekk i gong med å sondere terrenget for ulike tilbod. Frisbeegolf kom då opp som ein god moglegheit både store og små kunne ha glede av! Eg fekk veta at ein nyinnflytta høresbygding med navn Are, er ivrig diskgolfer, og eg ringte difor han, smiler Inger Kongslien Tveit, i Høre/ Ryfoss IL. 

Inger ba då med seg Are på tur i skogen, for å syne frem området det kunne vera aktuelt å lage i stand ei bane på.

- Etter den skogsturen har det gått fort, for det er vel omtrent eitt år sidan no. Etterpå fekk med med oss styret for idrettslaget i området, og lure Are tok med kurv frå BUA og disker, slik at styret fekk prøve seg! Det vart mykje leik og moro den kvelden, og styret bestemte seg for å gå for denne aktiviteten, seier Kongslien Tveit. 

 

Artig aktivitet for heile familien 

Og resultatet av eit engasjert og fremoverlent idrettslag, positive grunneigarar, velvilje frå velforeningen, samt ein ivrig disk-entusiast i Høre, er no blitt til frisbeegolfbanen i Ryfoss!

- Me har og hatt veldig god hjelp av Carl Frithjof Tidemand-Johannessen frå Valdres Frisbeeklubb. Han er over gjennomsnittet interessert i diskgolf og har vore positiv frå dag ein, samt bidratt med all sin kunnskap om dette, seier Kongslien Tveit. 

- Han var og med for å vise bort bana og lære bort ulike triks og type kast fyste kvelden me arrangerte diskgolf-kveld, legg ho til. 

Banen er no open til fritt bruk for alle, og tilbodet er heilt gratis! 

- Dette er jo eit utruleg fint lågterskeltilbod både for bygdefolk, hyttefolk og tilreisande. Det einaste ein treng av utstyr for å spele er nokre diskar, ellers er det fritt fram for å benytte bana til einkvar tid, seier Flaten. 

Han legg til at det er høve for å låne utstyr frå BUA Vang, som både har diskar og kurver til utlån - om ein ynskjer å spele heime også. I tillegg har Høre/ Ryfoss kjøpt inn diskar til utlån, Joker Ryfoss og YX Ryfoss får etterkvart inn diskar for sal. 

 

Vil arrangere faste kvelder

På sikt ynskjer Are å arrangere faste kvelder i veka med diskgolf, der alle er velkomne til å delta og leike seg i skogen. 

- Tanken er jo at dette skal bli ein fin møteplass her i bygda, og at ein kan møtast for å spele og ha det artig saman. Eg håpar folk kjem og bruker anlegget mykje, smiler Flaten. 

Han fortel at du får oversikt over alle baner i Noreg ved å laste ned appen UDisc, og at banen i Ryfoss allereie er lagt inn på kartet. 

- Eg trur Ryfoss vil merke trafikken frå diskgolfbanen, ettersom det er såpass populært som det er. Det vil gje gode ringvirkninger til lokalsamfunnet. Me har og store planer om å utvide banen etterkvart, legg han til. 

- No manglar me kun å lage plattinger til utkastfelta, og skilting i skogen. Ellers er bana fritt fram å bruke og heilt gratis, smiler Flaten. 

 

Vil du prøve frisbeegolf i Ryfoss? Ta med deg nokre frisbeer eller lån nokre frå BUA Vang, og kos deg!