IMG 6127
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Frivilligmagasinet på veg til deg!

Frivilligmagasinet på veg til deg!

20. desember 2023
Rykande ferskt frå trykkeriet er no Frivilligmagasinet på veg ut i postkassa til alle i Vang!

- Dette er jammen stas! Me gler oss til at alle skal få sjå magasinet, lese om dei fine laga i Vang og bli betre kjent med kva slags tilbod som finst i bygda vår, smiler Innovangsjonsminister Ida Nordland Hillestad. 

Saman med Marte Tangen hjå Vang frivilligsentral, har dei to etter lang tid med arbeid, intervjuer, skriblerier, fotoredigering og god hjelp av Ingridesign - laga eit magasin om frivillige lag og organisasjonar i Vang. No er kasse på kasse med nytrykte magasiner på veg ut i alle postkasser i bygda! 

- Det har vore utruleg givande å reise rundt og intervjue laga dei siste to åra. Magasinet gir eit godt innblikk i det varierte tilbodet som finst i bygda, og kva både dei frivillige og deltakarane får igjen for å engasjere seg. Det viser verkeleg at frivilligheita er til glede for alle som tar del i den! Og så er vi veldig glade for at vi klarte å få det ferdig og ut i postkassene no, slik at alle kan kose seg med godt lesestoff i julehøgtida, smiler Tangen.

Tusen takk til dei flinke frivillige som kjøyrer ut både Vang menighetsblad og Frivilligmagasinet!