8EB92FAB F320 46D1 97F2 8A3D51C82328
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Frivilligmarknad i Vangshallen

Frivilligmarknad i Vangshallen

15. mars 2022
Laurdag 30. april vert det arrangert Frivilligmarknad i Vangshallen. Lag og foreninger frå heile bygda samles for å vise frem kva dei driv med!

Kva passer vel betre i Frivillighetens år 2022, enn at alle lag og foreninger i heile Vang inviteres til å delta på Frivilligmarknaden i Vangshallen? Her kan du koma for å sjå stands frå dei ulike laga, teste ut aktiviteter, få informasjon om tilboda og kanskje til og med finn du ein ny favoritthobby?

Dette er dagen for å hylle og syne fram frivilligheita i Vang! 

Målet med Frivilligmarknaden er at alle som bur i bygda skal få både informasjon og gode inntrykk av kva slags aktiviteter dei kan delta på i Vang. Dei skal få moglegheit til å både teste ut og sjå nokre av aktivitetene  levande live!

Uten mat og drikke, dug verken den eine eller den andre! Det er difor gode moglegheiter for å få seg både mat og drikke i løpet av dagen. 

Me håpar å sjå mange ansikt i Vangshallen og at akkurat du tek turen! 

Vi ber alle lag og aktivitetar som ønskjer å vise seg fram på frivilligmarknaden om å fylle ut dette spørjeskjemaet så snart som råd:
https://vang.frivilligsentral.no/nyhet?frivilligmarknad-30-april-2022-kl-12-16&Id=37443

Har du spørsmål om Frivilligmarknaden? Ta kontakt med Marte på Vang Frivilligsentral eller Ida Nordland Hillestad hjå Innovangsjon SA.