Farmendagen2014 (6 of 7).jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Full fart på Farmendagen

Full fart på Farmendagen

28. mai 2015

Næringslivet i Ryfoss veks, det same gjer Farmendagen som har breiare program enn nokon gong før laurdag 13. juni.

– Føssestudio er med oss for fyste gong. Mø e stolte over at gjengen blir større og næringslivet Føsse veks, fortel Inger Kongslien Tveit i arrangørkomiteen.

Dagen byrjar klokka elleve og det skjer ting aboslutt heile dagen.

– I kurvkåringen, som er ny av året,  kan den som lagar sin eigen kurv melde seg på. Vi har hanka inn  ein solid jury beståande av Berit Ildjarnstad, Teodor Kværna, Leif Solemsli og Normann Helle. Påmelding går til Elisabeth Øraker innan 6. juni.

Her er nokre av dei andre tinga som skjer under Farmendagen:

  • Frisørsalongen er open som vanleg – også der timebestilling – få sumarsveis ! Gode tilbud!
  • Treningssenteret er open for alle den dagen. Så berre gå inn og ta ei treningsøkt. Har du inkji prøvd massasjesenge endå? Då kan du få gjort det denna dagen.
  • Joker`n har mange gode tilbod. I år har dei og eit hoppeslott for ungar, ute.
  • Føssestudio har ope – stikk innom og hels på! – Bilen din kan du parkere ved Yx`n.
  • Seniordansarar frå Vang og Slidre kjem og visar oss kva dei har øvd inn i vinter.
  • Farmentrim i år som i fjor med Mari Rogn Tveit. Her kan alle få gode tips til trim i fjøstid/arbeidstid på garden. Fleire har sagt ja til å stille i år, både den yngre og den eldre garde av bønder.
  • Lynauksjon er nytt i år. Me har mange og fantastiske objekt som folk kan by på bla: Flytur – bli ny dag – Billett til Trollrock – Guida fjelltur til Uranostind, olabil mm. Auksjonarius er headhunta ”uttabygds” frå - knakande god.
  • Frode Lerhol har eigen stand der det blir laga to olabilar. Desse blir auksjonert bort iløpet tå dagen. Dette for å inspirere ungar til å laga sin eigen bil. Plan er eit olabilløp i Føsse iløpet tå seinsummar/haust.
  • Sara`s mat i gamle posthuset har ope – spennande og god mat frå Etiopa mm.
  • Tom Kjetil har også i år laga ein krakk, der du kan tippe kor tung den er. Den som kjem nærmast i vekt får krakken med seg heim. I år er det ny variant av krakken – krakk for ein person , som me har kalla ”Einstøingen”.
  • Eit anna fast innslag er spikarkonkurransa – den er også med i år. Klasse barn/dame/herre.
  • Høre Røde Kors står ansvarlig for hinderløype i år, der styltro kan være lurt å beherske. Her har me påmelding.
  • Det blir og tatt med dyr ( sau, geit, høner, kanin) som barna kan sjå/kose/ med. – Dagen blir avslutta med gamaldansmusikk med Tørstad og co.
  • Har du lyst til å vise fram og selja ditt håndverk? Ta kontakt med ein av butikkane i Ryfoss og du får reservert plass i sentrum denne dagen. Me veit mange kjem, men det er plass til alle!
  • På kvelden samlar me folket i hagen ved hotellet. Me tende grillen. Alle tek med seg mat og drikke til eige behov. Me ordnar bord, men ta med stol ! ( stolen kan væra kjekk ha med på dagtid og. ) Ligg ann te toraderlete`utpå kvelden og konkurranse..

    Velkommen!