Fredagskos Bøaflaten (15 of 23).jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Full klaff for Fredagskos

Full klaff for Fredagskos

06. juni 2016

Seksten nye sambygdingar, sol og lokale smakar av beste merkje syta for ein triveleg Fredagskos på Bøflaten i Vang.

Øl og ost var konseptet for kvelden, noko Valdres gardsbryggeri og Skutshødn DA stod for. Dei hadde brukt ein kveld før i veka for å komponere ei god smaksoppleving til arrangementet.

Det lyse ølet Kvek var sett saman med den fyrste kvitosten som var klar for året, mens briskeølet vart kombinert med ein ferskost/smøreost blanda med bergmynte frå Vennis.

– Til slutt har vi ein modna ferskost med sødme og mykje smak som vi skal prøve saman med det murkaste ølet Staut, fortalde Ida Østvold frå osteprodusenten Skutshødn DA.

Hovudretten stod styremedlem i Innovangsjon og vertinne ved Fondsbu, Solbjørg Kvålshaugen for. Ho hadde stått i sola på Bøaflaten heile ettermiddagen og koka suppe frå botnen av.

– Konseptet er vårsuppe der vi brukar det som er å få tak i av sesongråvarar. Her er mellom anna ramslauk og asparges, mens kjøtet er både parmaskinke og kastratkjøt frå Smådalskjøt, kunne Solbjørg informere.

Det var sytti påmeldte til festen og av desse var det heile seksten som ikkje hadde vore på Fredagskos før. Dei fleste var på plass til prøvesmakinga, men nokre dukka opp fyrst til Dei Goe O’Mette gjekk fram på plenen. Fram til fest-stopp i halv eitt-tida gjorde bandet tre sett, mens festdeltakarane samla seg rundt bål, bord og dansegolv.