Nyheit

Fullt hus på fredagskos

  Nyheitsarkiv
11. mai 2015
  • Eivind Hålien held foredrag under matseminaret.
  • – Norgesgruppen satsar på lokalmat, understreka Hålien.
  • Det kom fleire spørsmål frå salen under vegs i seminaret.
  • Bernt Bucher frå Hanen informerte om arbeidet dei gjer og konkurransen «Årets lokalmatgründer»
  • Festivalsjef for Vinjerock, Julie Forchhammer, konstaterte at lokalmat er det «håttaste» som finst no om dagen.
  • Torgeir Waldemar, med Hugakøllen som bakteppe.
  • Julie Forchhammer (Vinjerock), Eivind Hålien (Norgesgruppen) og Bernt Bucher (Hanen).
  • Vinjerock-kokk Espen Blåfjelldal deler både informasjon om kveldens mat og tips til lokalmatgründarar.
  • Det vart også ei runde på kjøkkenet for foredragshaldarane.
Matseminar, middag og kvalitetskonsert

– Finn di nisje og ikkje gjer akkurat det same som alle andre, oppmoda lokalmatsjef i Norgesgruppen, Eivind Hålien, på tampen av sitt innlegg under fredagens matseminar på Haukåsen.

Då hadde den utflytta vangsgjeldingen prata som ein foss i tjuefem minutt, og hans engasjement for lokale kvalitetsprodukt var særs tydeleg. Han sette megatrenden med lokalmat inn ei fornuftig ramme, og klarte samstundes å vera konkret på tipsa sine.

– Seier ja

Norgesgruppen driv butikkar som Joker, Meny og Spar. Dei siste åra har butikkane fått mykje større rom for å ta inn lokalmat, og både små og store produsentar er no på plass i dei fleste butikkane.

– Det er ein marknad i vekst og eit satsingsområde for Norgesgruppen, opplyste Hålien.

På spørsmål frå salen om kva som skal til for å sleppe inn i hyllane hjå Norgesgruppen, sett i lys av sakane om hylleplass i butikkar gjennom vinteren, var Hålien tydeleg.

Er produktet godt og unikt, leverandøren seriøs og paketeringa fornuftig får lokale leverandørar plass i hyllane. Så enkelt er det.

Han fortalde også om at innpris frå lokale leverandørar er noko produsenten sjølv set, det legg ikkje NoregsGruppen seg opp i.

– Men ein lyt ikkje gje oss dårlegare prisar enn det ein gjev andre. Samstundes lyt ein treffe på ein pris som kunden vil betale.

 

Årets lokalmatgründer

Julie Forchhammer, festivalsjef for Vinjerock, var neste på programmet. Ho gav nokre grunnar til at lokalmat er noko av det «håttaste» som finst om dagen. 



– Før var det kanskje plate– og filmsamling som sa noko om kven ein er. No strøymast alt over nettet og bra mat har vorte viktig for mange for å syne kven dei er.

Lokalmat er viktigare for Vinjerock enn nokon gong tidlegare. Som eit samarbeid mellom Vinjerock, Hanen og Norgesgruppen skal «årets lokalmatgründer» kårast på festivalen til sumaren.

– Vi leiter etter talent som har evne og vilje til å tenkje nytt kring norsk tradisjonsmat. Kanskje er det ein av dykk som sit her i kveld? sa sjef for Hanen, Bernt Bucher, som også hadde teke turen til Vang denne kvelden. Han informerte vidare grundig om kva Hanen er for noko om kva dei jobbar med.

Avslutningsvis tok Vinjerock-kokk Espen Blåfjelldal ordet. Han er i kategorien «seriegründer» innan lokalmat og gav nokre konkrete tips.


– Start med restaurantar og dei lokale butikkane du har god kontakt med. Får ein det til å fungera har ein eit godt utagngspunkt for å lukkast med produktet sitt.

Melankolsk humor

Bressert reinsdyrskank med heimelaga potetstappe og dampa nykål stod på menyen etter seminaret. Før Torgeir Waldemar synte kvifor debutplata hans har hausta mykje åtgaum gjennom vinteren. Vi snakkar om alternativ country av høg kvalitet med mykje melankoli. Men også gode doser humor mellom låtane.


– Eg er jo ein skikkeleg gladgutt, understreka Waldemar etter fyrste låt, til mykje humring frå det fullstappa lokalet.

Etter konsertslutt held festen og praten fram til godt utpå natta, kort oppsumert ein «Fredagskos» av aller beste merkje.