På få år har tomat-hobbyen vorte eit levebrød for Vida. Med 170 ulike slag er det ein stor oppleving å rusle rundt i dei tre drivhusa til Vida i Heensgardane.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Fulltidsarbeid med fjelltomatar

Fulltidsarbeid med fjelltomatar

24. august 2020

På få år har Vida Timinskiene bygd opp sin eigen bedrift i med utgangspunkt i tre drivhus, fjellklimaet på 600 moh. i Vang og ein unik kunnskap og interesse for tomatar. 

– Peru, Italia, Amerika, ja eg har sendt frø til nær sagt heile verda, fortel Vida omgjeve av tomatar i det største av tre drivhus på garden i Heensgardane der ho bur med mannen Einar Heen Hjelle.

I år har ho 170 ulike slag med vanlege, uvanlege og nokre svært sjeldne tomatar fordelt på eit stort og to mindre drivhus. Gjennom nettsida mountainseed.no får verda ta del i den unike tomatproduksjonen hennar.

Opnar for bygda

I fjor gjekk mesteparten av avlinga til frøproduksjon. Dei neste vekene ser det ut til å bli såpass rikeleg med tomatar at ho opnar drivhuset sitt for bygdefolk og turistar.

– Det er stort sett berre å stikke innom for ein handel. Her er alle farger, storleiker og smakar å velje mellom, fortel Vida. 

Det er skilta frå bygdevegen og ned til garden som ligg ved fyrste avkøyring nedanfor Henskrysset på adresse Hensåsvegen 197. Vil du gjere avtale på førehand kan du ringje på 40578218. 

Arbeid året rundt

Dei fyrste tomatane vart mode i juni i år, og før det har det vore fleire månadar med arbeid allereie. I perioden frå seinsommaren og fram mot jul går det i preparering, pakking og utsending av frøpakker. 

– Det er nok å gjere året rundt, men eg brenn for dette og tykkjer det er artig at heile tomat-verda ser til Vang og ynskjer frø herifrå, fortel Vida. 

På Facebook driv ho ei tomatgruppe med over 13600 medlemmar, og denne helga var det ei tomatutstilling i byen Kaunas i heimlandet Litauen, der også mange av medlemmane i gruppa held til. 

– Eg fekk ikkje tatt turen på grunn av viruset, men det er artig å drive med noko som såpass mange engasjerer seg i og deler kunnskap om. Det var over tre hundre innom i helga, både ordførar i Kaunas, den største samlaren i Litauen og mykje media.

I gjævt selskap

Denne veka er Vida og hennar mountainseed teke inn i i portfølgja til «World tomato society», ein organisasjon som fremjar breidde i tomatdyrking kring i heile verda.

–Det er dei største, mest seriøse og dyktigaste tomatprodusentane i heile verda som er med her, så det er rett og slett ubeskriveleg stort å bli tatt inn i det selskapet, seier Vida.


Ho fortel om høgtlesing og jubel då fyrste e-posten kom, og etter nokre veker med dokumentasjon og anna, er ho no på nettsida deira. 

– Det blir spanande å sjå korleis dette slår ut på salet, men det viktigaste er annerkjenninga som ligg i det å verta ein av deira produsentar og eit slags endelig bevis på at hobbyen har vorte eit seriøst levebrød, akkurat som eg har drømt om, avsluttar Vida.