Margrete og Runar er klare for årets sommersesong på Tyinholmen!
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Fyrste sesong for Margrete og Runar på Tyinholmen

Fyrste sesong for Margrete og Runar på Tyinholmen

10. juli 2023
Margrete Halvorsen og Runar Malkenes tok over drifta av Tyinholmen i fjor haust. No er dei klare for sin aller fyrste sommarsesong til fjells!

- Det er veldig spennande å få vera vertskap på ein plass som betyr så mykje for mange, og me gler oss veldig til å gå inn i første sommarsesong på Tyinholmen, smiler Margrete Halvorsen. 

Saman med Runar Malkenes har dei to tatt over stafettpinnen etter Turid Berge, som drev Tyinholmen i mange år. No er er dei som skal sette sitt preg på drifta videre, samstundes som dei skal halde på dei gode, gamle tradisjonane. 

- Me har fått overta den veldig kjente, men hemmelige vaffeloppskriften til Turid, så me skal sjølvsagt fortsette å halde på slike viktige tradisjonar, smiler Malkenes. 

 

Draum som går i oppfyllelse 

Margrete og Runar kjem begge frå stillingar i det offentlege, og har i utgangspunktet ikkje noko erfaring med å drive ei fjellstue høgt til fjells. Likevel har det vore ein draum i mange år å få teste vertskapslivet. 

- Det er vel helst eg som har hatt denne draumen frå eg var lita eigentleg, men så har eg vel aldri tenkt noko seriøst på det, før enn for 5-10 år sidan, seier Halvorsen. 

Ho fortel at det var då ho byrja å ta opp tanken om dette faktisk kunne vera mogleg, og korleis det i så tilfelle, heilt konkret skulle gå an. 

- Så var det jo viktig å få med seg Runar, og modne han. Men det var ikkje så vanskeleg, han var veldig positiv, smiler ho. 

Første konkrete steg i riktig retning gjekk til Liomseter i fjor sommar, der ekteparet fekk hospitere 14 dagar og kjenne på om dette verkeleg var noko for dei. 

- Kort tid etter, tipsar min svigerinne oss om at Tyinholmen i Vang treng nye drivarar. Då var me kjapt ute med å komme i kontakt med eigar Øystein Opdal, og avtale ein prat, seier Halvorsen. 

Ballen byrja fort å rulle og på haustparten 2022 var kontrakten signert. Margrete og Runar var offisielt nye drivarar av Tyinholmen!

 

Bratt læringskurve 

Sjølv om det verken Margrete eller Runar har stor erfaring frå vertskapsrolla, har dei likevel god kjennskap til Jotunheimen. Familien til Margrete har nemleg i mange år hatt hytte på Beitostølen, og dei har difor både tilhørighet og god kjennskap fjellheimen. 

- Likevel er det jo eit ønskje at me begge skal bli endå betre kjent i nærområder rundt Tyinholmen og Eidsbugarden. Det er veldig kjekt for oss å få den type lokalkunnskap, seier Malkenes. 

Han fortel at dei både har hatt og antageleg gjennom sommaren vil ha, bratt læringskurve på alt som har med vertskapsrolla å gjere. 

- Det er berre å finne fram sin indre vaktmester og lære gjennom sesongen, ler han. 

Samstundes som læringskurva stig, er dei også begge tydelege på at dei får god hjelp og støtte av både Øystein Opdal, tidlegare drivar Turid og dei ansatte på Tyinholmen. 

- At me har fått så mykje støtte, hjelp og hatt så god dialog har gjort det mykje enklare for oss å komme inn i  vertskapsrolla. I tillegg er me utruleg heldige med våre ansatte som har mykje erfaring, og har god oversikt over kva og korleis ting skal gjerast, smiler Halvorsen. 

 

Spent på årets sesong 

Sjølv om Margrete og Runar allerede har hatt ilddåpen med å halde ope i nokre veker i vinter, då påsketuristane meldte sin ankomst, er dei likevel svært spente på sommersesongen! 

- No som vegen er opna er jo Tyinholmen endå lettare tilgjengeleg for turistar og gjester, så me er jo veldig spente på korleis høgsesongen her vil sjå ut. Me er forberedt på at det blir travelt, ler Halvorsen.

Ho fortel at fokus denne sesongen er å lære Tyinholmen å kjenne, opparbeide seg erfaring og passe på at alle som besøker dei, får det dei ønsker seg. 

- På sikt er jo ønsket at me skal videreutvikle tilboda i nærområdet her. Me trur jo at det er potensiale for endå meir guiding, aktivitet og samarbeid om turar på fjelltoppane rundt her, spesielt i aldersgruppa 18-35 år. Men det ligg nok litt lengre fram i tid, smiler ho. 

No er fokuset på å ta vel i mot alle gjester og besøkande, og gripe godt fatt i årets sesong! 

- Me gler oss utruleg mykje til å komme igang og å sjå folk til fjells! Så, blir det kanskje nokre fjellturer innimellom slaga også, smiler Malkenes.