FB-DSCF7171.JPG
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Gaminghole på bilbioteket

Gaminghole på bilbioteket

02. mars 2020

På laurdag vart biblioteket forvandla i ei gaminghole. Det vart turnering i Mario kart i fleire timar, og tre verdige vinnarar til slutt.

Peter kom på fyste plass og vann ein liten retro spelkonsoll. Helmer som kom på andre plass og Salah som kom på tredje plass kunne velje sine premiar blant kult spel-merchandise. (Sjå bileta!!) Vi gratulerer nok ein gong!

Heile dagen kunne store og små teste VR-stasjonar og spele på retro-konsollar. Spelvertane frå BiblioGames hjelpte deltakarane på ein pedagogisk måte inn i spelverda.

For eit kalas!