D82D1266 DE68 4FB4 9C3E CD18AD1D2D60
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Gards-SFO på Løkreim

Gards-SFO på Løkreim

06. mars 2022
På Løkreim gard i Liagardane held Anne Lajord Belsheim og 170 geiter SFO for barna i Vang!

Geit og SFO har vel sjeldant passa betre i samme setning. Med 170 bestevenner klare for å la seg underhalde, er det vill fest i fjøset når barna kjem på besøk.

Anne Lajord Belsheim har hatt dette tilbodet heime på garden i snart ti år, og synes det er like artig og givande kvar einaste gong. Her kjem ungane både tett på dyra og lærer om gardsdrift på ekte vis. 

- Eg kosar meg utruleg når eg ser at barna har det så artig med dyra her i fjøset, då blir eg både glad og varm i hjertet, smiler Belsheim. 

Dagen startar sjølvsagt i fjøset. Då står morgonstellet for tur, og med så mange gode hjelpere er det ingen sak å få jobben gjort! 

- I dag tidleg fekk dei også sjå eit nytt liv koma til verden, då ei av geitene fekk si fyrste geitekilling. Det var nok stor stas for alle her i dag, seier Belsheim. 

Ettere endt fjøsstell tek gjengen seg alltid tid til både kos og leik med geitene. Og når du har så mange bestevenner til råderett, gjeld det å vera effektiv.

- Når me er ferdige i fjøset ventar alltid ein god lunsj inne. Det har me alle fortjent etter fleire timer med arbeid og dyrestell. I dag står det pizza på planen, så det blir nok like god stemning rundt matbordet som i fjøset i dag, smiler Belsheim.

 

Sjå fleire bileter frå dagen lengre ned på sida.