Eline Søndrol Hålien og Katarzyna Szałaj vann den gjeve gullmedaljen i Innlandsmesterskapet på Otta. Foto: Privat.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Gjev gullmedalje til Eline og Katarzyna

Gjev gullmedalje til Eline og Katarzyna

20. mars 2022
Eline Søndrol Hålien (17) og Katarzyna Szalaj (18) stakk av med gjev gullmedalje i Innlandsmesterskapet i helsefagarbeid.

- Det er utruleg artig og motiverande å gå av med seieren i Innlandsmesterskapet. Då får ein jo på en måte ein bekreftelse på at det ein gjer og tenkjer er riktig, seier Eline Søndrol Hålien (17). 

Ho og Katarzyna Szalaj fekk den gjeve gullmedaljen i Innlandsmesterskapet på Otta. Her konkurrerte dei mot fleire elever på helsefag-linja, og vart utfordra på både teori og praksis. 

- Me fekk ein case me skulle løyse på best mogleg vis. Då hadde med ein del med planlegging, ein del der me skulle inn til ein bruker og utføre stell, berre skodespel, men likevel heilt reelt. Og til slutt inn til eit dommerpanel og begrunne utførelsen vår, seier Katarzyna. 

- Følelsen av å vinne var fantastisk, og me vart veldige glade. Me hadde aldri klart dette utan ein veldig engasjert lærer og ein veldig god og støttande klasse, seier Eline. 

 

Vidare til NM i Mandal 

Ikkje berre vart det gullmedalje i Innlandsmesterskapet, no skal jammen duoen til Mandal for å konkurrere i NM i slutten av april!

- Det er gjevt og me gler oss skikkeleg! Då skal me konkurrere mot elever frå alle fylker i Noreg, så det vil jo bli tøff konkurranse. Det er fleire feller å gå i, det er meir utfordrande og krevande å oppfylle alle kriterier, seier Eline. 

- Eg har jo klokketru på at me har gode sjanser til å vinne, eg er veldig optimistisk. Mens Eline er realistisk og jekker meg litt ned, så me utfyller kvarandre særdeles godt, ler Katarzyna. 

Vangsduoen bur saman på Gjøvik, der dei studerer helsefag med studiekompetanse og nyter det sentrumsnære bylivet. Skjønt einige er dei om at det er deilig å kome seg ut av bygda og oppleve noko nytt, sjølv om Vang alltid vil ligge hjerte nærmast. 

- Me trivst veldig godt her, og synes det er deilig at det er mange moglegheiter og kort veg til alt. Her kan ein jo gå til skula, butikker og alle aktiviteter, smiler Katarzyna. 

- Det er deilig å bu litt meir sentralt og ikkje måtte kjøyre overalt. Men, så er det jo slik at uansett kor me er, så vil alltid Vang være heime, smiler Eline. 

 

Me ynskjer Vangsduoen Eline og Katarzyna masse lykke til i NM!