Randi Ødegården fortalde om hennar prosess får fyrste tanke og fram mot byggjestart for nytt fjøs denne sommaren.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Gode prosjekt får støtte

Gode prosjekt får støtte

11. april 2019

Riktige og gjennomarbeida prosjekt har alle moglegheiter til støtte frå Innovasjon Norge var bodskapen under landbrukslønsjen i Vang onsdag.

Førtifem frammøtte bønder og kommande bønder i Vang var på plass for å få oppdatert informasjon får Innovasjon Norge og eit konkret eksempel på korleis ein kan jobbe fram ein søknad.

– Kva hadde Vang vore utan dykk som er her i dag og alle bøndane i Vang? Bondelivet har vore og skal vera berebjelken i Vangssamfunnet framover, innleia ordførar Vidar Eltun dagen med.

Arrangementet baud også på lønsj til dei frammøtte og var eit samarbeid mellom Innovangsjon og Innovasjon Norge.

Grundig prosess

Randi Ødegården har nett teke over heimgarden i Liagardane og var på plass for å informere om sin prosess frå ide og fram til bygging av nytt fjøs denne sommaren.

– Bygningsrådgjevar frå Tine var innom fyrste gong hausten 2016. No i februar vart alt klart, og eg er glad for at vi tok oss såpass god tid både med bygget og driftsplanen, sa Ødegården.

Totalt budsjett for utbygginga hennar er 4,55 millionar kroner. Tilsagnet frå Innovasjon Norge laud på 1,250.

– Det var meir enn eg vart forespegla i fyrste runde og det er ei heilt avgjerande støtte oppe i det heile.

Alternativ for inntening

Det gamle geitefjøset har plass til 170 geiter. Det nye har plass til 280. Men den ekstra kapasiteten lyt fyllast med anna enn mjølkande geiter.

– Prisane for mjølkekvote på geit er heilt ute, så det er ikkje aktuelt å investere i dette i høve driftsplanen. Difor har eg tenkt alternativt for å nytte plassen i fjøset til noko som også gjev inntening til garden.

I fjor sumar testa ho ut systemet med Nofence, det er ein klave rundt halsen på geita som syter for at dyret held seg innanfor eit område avgrensa på kartet. I år har ho avtale med E-verket om linjerydding og dermed også inntening på beitegeitene sine.

– Det er tøft av E-verket her i Vang å satse på dette. Eg trur det også er lurt. Er det noko geiter kan så er det å halde vegetasjon nede. Eg trur både hyttefelt, alpinbakkar og til dømes Kongevegen over Filefjell har noko å hente her. I tillegg til å få rydda så går jo folk av skaftet når dei ser dyr, seier Ødegården.

Moglegheiter hjå Innovasjon Norge

Valdres er saman med Trysil og Engerdal ekstra prioritert hjå Innovasjon Norge akkurat no.

- Har vi to like prosjekt som søker samtidig før kassa er tom så skal dykkar prosjekt få pengar. Så enkelt er det. Dette er føringar som jobbar for dykk som er her i dag, fortalde Tom Arild Fredriksen frå Innovasjon Norge.

Han gjekk særs grundig og informativt gjennom oppdaterte føringer på diverse tilskotsordningar hjå Innovasjon Norge.

– Føringane endrar seg heile tida så følg med på nettsidene og gå i dialog med oss som rådgjevarar. Er du på og kjem med gode prosjekt så får du støtte. Så enkelt er det.

Det er no løpande fristar for alle søknader til Innovasjon Norge. Start gjerne prosessen hjå landbrukskontoret i Vang som også er oppdatert på alle moglegheiter for støtte.

Avslutningsvis var Arne Straum frå landbrukskontoret og informerte om dei særs gode støtteordningane til landbruksnæringa lokalt.