DSCF9604
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Godt driv i Valdreskvelven spel- og dansarlag

Godt driv i Valdreskvelven spel- og dansarlag

12. desember 2023
Ute fell vinterens første snøfnugg, men i stua ‘i Haga’ er det varmt og triveleg. Seks karar sit i ring, medan det fløymer livlege tonar frå hardingfeler, trekkspel, kontrabass og gitar. I Valdreskvelven deler dei både musikk, tradisjonar og gode historier.

Av: Marte Tangen, november 2023

Vang frivilligsentral og Innovangsjon hyller frivilligheita i bygda ved å presentere alle lag og foreiningar!

Dei trør takten i sokkelesten, nokon let att auga, medan andre følgjer intenst med på den som kan låtten best. Her er spelemenn frå både Vang, Nord-Aurdal og ‘Røns beste vestkant’, og enno er det fleire aktive i laget som ikkje er tilstades denne novemberkvelden. 

- Både Jørgen Kvam, Jan Sparstad, Nils Leine, Kjell Martin Ola Bakken, Randi Før, Knut Oppheimsbakken og Kristian Finsveen er aktive i laget. Så har vi Terje Støve som har vore innom, og hevdar at det skal bli meir. Det må du nevne, formanar karane. 

Det er godt driv i spelet. Dei øver saman annankvar veke, litt her og der, men mest heime hos Ola Norvald Hagen. Det prøver seg på ‘Hjellesviks reinlender’, og er samd etterpå - det byna lete no. Det er ikkje så ofte dei har opptrednar, men dei stiller opp om nokon spør. 

- Om dei har råd! fleiper Knut Olav Biribakken bak kontrabassen.

Gamaldans og folkemusikk

- Då eg var ung på 80-talet var det oppsving i Valdreskvelven. Eg starta på kurs, og så vart eg med i hovudlaget. Det var gamaldans-stafett både på Åsvang, Thorpe, Vennis, Thorsheim og i Øye. Det var alltid tjåka fullt, i alle fall slik eg hugsar det som 12-13-åring, smiler Ola Norvald.

- Gamaldans-stafetten var nok ei vidareføring av gamaldanskveldar i kjellaren på Åsvang. Thorbjørn Wangensteen var formann i Fjellblom ungdomslag på starten av 70-talet og fekk i gang dans ei fredagskveld i månaden. Valdreskvelven var sjølvsagde som spelemenn, men det var også andre, eg hugsar særleg Helge Heen med toraderen sin. Desse kveldane vart så populære at ein del av hyttefolka i området kom langvegsfrå. Dette var min start med trekkspel saman med felene, fortel Ivar Hemsing.

- Gamaldansmusikk har komen i bakleksa, seier Geir Harald Fodnes.

- Før var det mange som kunne danse og som var glad i det, men no har det vorte ein annenrangs greie. Kor mange av dei som er unge i dag kan danse reinlender, undrar han. 

Kulturskulen gjer ein flott innsats med ulike formar for tradisjonsmusikk, og har litt rekruttering på hardingfele. På trekkspel er det mindre. På Åsvang pågår det for tida eit hallingkurs, det synest karane er flott. Men her er det viktig å ha tunga rett i munnen;

- Masurka, galopp, reinlender og vals er grunnstamma i gamaldansen, smiler Ola Norvald. 

- Vi ønskjer oss fleire dansarar, seier Ivar, og understreker at Valdreskvelven også er eit dansarlag. Sist vår arrangerte han minikurs i gamaldans i Høre, då deltok 14 stk frå 12 til 70 år. Han vil prøve å starte opp igjen med dansekveldar over nyttår.

- Litt av utfordringa er at alle stiller så store krav til seg sjølv, dei tør ikkje syne seg fram på dansegolvet med mindre dei føler at dei kan det perfekt, legg han til.


Trivsel, tradisjon og tullprat

Det er ikkje berre musikken og dansen som er viktig for gjengen i Valdreskvelven. Det er også å møte dei andre, skravle saman, og å ha noko å sjå fram til.

- Vi har det veldig triveleg saman, seier Ole Jørgen Fauske, og Tomas Hillestad stemmer i: 

- Og det er det viktigaste.

- Vi pratar mykje tull, men vi formidlar også mykje tradisjon her i huset, fortel Knut. Og så er dei einige om at det er mykje artigare å spele saman enn åleine.

- Eg har vakse opp med gamaldans, og det som gir meg aller mest her er å høyre på dei andre, suge til meg dei vanvittig flotte melodiane, servert ein etter ein, fortel Ole Jørgen. 

Dei er samd om at det er viktig med nytt stoff, nye låtar, og det er mange som sit inne med mykje. Om ein er god til å kome på kva ein vil lære så kan ein få det. 

- Det er moro å spele det ein kan frå før også, men ikkje kvar gong, seier Ola Norvald.

- Nei då går’n lei! smiler Tomas.

Bevisst på inkludering

Å kome inn som ny i eit veletablerte lag kan vere vanskeleg, men gjengen i Valdreskvelven er veldig positive til å ta imot nye spelemenn og -kvinner.

- Det har nok tradisjonelt vore ein mannskultur, men i dag er det mange flinke jenter på hardingfele, fleir enn gutar, seier Geir Harald. Ivar fortel om nokre av kvinnene som har vore aktive i laget før; Laura Ellestad var leiar for felegruppa i nokre år, og Bente Hemsing lærte bort sangstoff frå Valdres. Både kveding og langeleik er kvinnedominert, og består i likheit med munnharpe i hovedsak av enkeltutøvarar.

- Inkludering av nye i etablerte grupper er eit viktig tema, og eg trur vi tar oss av dei som kjem på ein god måte, seier Geir Harald. 

- Her er det ingen avgrensning på kor mange det skal vere i besetninga, så vi har plass til mange fleir, smiler Ola Norvald. 

- Men det er harde opptakskrav, spøkar Knut Olav, og karane flirer. 

Julekake og eksklusive feleboger

Det er tid for kaffipause, og då er det standard traktering: julekake heile året. 

- Sist skar det seg, då vart det smultingar, seier Ola Norvald. Før dei bryt opp må han fortelje om siste auksjon han var på, karane er nysgjerrige på det nyaste kjøpet. Han følgjer nemleg med på diverse auksjonssider, og handlar litt i samarbeid med lokale felemakarar. 

- Det er nesten så eg ikkje tør seie det, men la gå; eg kjøpte ei flatfele for 1.600 kroner. Så kom det ein kar bort til meg etterpå, han syntest synd på meg fordi det var så dårleg klang i denna fela. Eg hadde ikkje hjarte til å fortelje han at eg ikkje kjøpte den på grunn av fela, men fordi det fulgte med ein William Ernst-boge. Den åleine var sikkert verdt 15.000, humrar Ola Norvald.