Statensvegvesen Kongevegen 21668
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Gratis kurs i digital marknadsføring

Gratis kurs i digital marknadsføring

24. april 2022
Kongevegen over Filefjell inviterer deg til eit kurs/foredrag om marknadsføring i sosiale media!

Kurset er gratis og varer i 2 x 45 minutt. Kurshaldar Evgenia Egorova er ein av dei fremste ekspertane på dette i Norge!

Evgenia kallar kurset "Slik surfar du best på dei store trendane i sosiale media og lager gode historiar". Kurset blir gjennomført som eit foredrag med enkle "take back to work"-øvingar. Sjølv om kurset er reiselivsrelatert, er det til god nytte for alle sidan store deler av næringslivet i Vang og Lærdal lever av tilreisande.

Meir om Egorova her: www.thinkdigital.travel/experts/evgenia-egorova/
Ho ber alle som kjem om å førebu 1 spørsmål om ting du lurer på om digital marknadsføring.

 

Heile næringslivet kan delta 

Kurset blir arrangert i samband med at bedriftsnettverket "Kongevegen over Filefjell" har vårsamlinga si. Sidan kurset er ein unik sjanse ønsker me å tilby det til alle, og har inngått samarbeid med næringsrådgjevarane i Vang og Lærdal slik at heile næringslivet kan delta!

Etter kurset vil medlemmene i "Kongevegen over Filefjell" gå vidare til middag og årsmøte på Kort & Godt. For deg som er interessert i å vite meir om Kongevegen-samarbeidet og kanskje vurdere medlemskap, er du hjarteleg velkommen til middagen. Meld i så fall ifrå til underteikna snarast råd.

DATO: Torsdag 28. april
TID: 18.00-19-30
STAD: Lærdal kulturhus, kultursalen

Hjarteleg velkommen!