No kan du sikre deg årskort til Tyin-Filefjell skisenter og skikkelege opningstider i same slengen.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Gratis sesongkort til alle 4.klassingar

Gratis sesongkort til alle 4.klassingar

15. desember 2016

Det går mot ein aktiv vintersesong for 4.klassingane i Vang, Lærdal og Årdal kommune. Tyin Filefjell skiheiser gjev nemleg bort gratis sesongkort i helga! 

- Det er nokre som har meldt seg allereie, men vi vonar sjølvsagt at så mange som mogleg vil nytte seg av tilbodet, fortel Magne Grihamar i Tyin Filefjell Utvikling. 

For å få heiskortet må ein møte opp personleg i skisenteret fyrstkommande laurdag eller syndag mellom kl. 10.00 og 15.30. Så her er det berre å hoppe i bilen og koma seg til fjells! 

Rimelige prisar for barn og ungdom

Dei som ikkje går i 4. klasse, men som vil lære meir om alpin, bør ta kontakt med Vang IL alpingruppe. I vintersesongen har dei trening kvar syndag mellom kl. 11.00 og 13:00. 

- Det er fortsatt mogleg å melde seg på, fortel Leif Øyvind Solheimsli frå Vang IL Alpin. 

Alle aktive medlemmar mellom 7 og 15 år kan nemleg handle sesongkort til ein god pris! 

Påmeldinga til laget er open til 4. januar. Ta kontakt via deira Facebookside om det er noko du lurer på.