02470001-1038x576.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Gratis tur langs Kongevegen

Gratis tur langs Kongevegen

30. juni 2015

Fem bedrifter i Vang og Lærdal har gått saman om å tilby ein firedagars familietur langs Kongevegen over Filefjell. For å teste ut turen skikkeleg tilbyr dei no fire personar å teste pakka gratis.

Opplevinga har ein verdi på over 10.000 kroner og byr på alt frå stølsbesøk og lokalmat til sjølvsagte vandre-etappar langs Kongevegen. Ein veg som vart kåra til «Noregs finaste» av Statens Vegvesen i vinter.

– Vi ynskjer oss fire personar, anten to par eller ein familie, som har lyst til å gå turen i slutten av juli eller midten av august. Ut over det har vi ingen krav bortsett frå at vi ynskjer dei skal teste to ulike overnattingsplassar den eine kvelden, fortel Berit Nefstad som driv Sørre Hemsing.

Det er ein fordel om du ikkje kjenner særleg godt til nokon av bedriftene langs ruta, då ein leverar eit skjema med grundig evaluering av mat, overnatting, vandring osb. etter turen.

Høyrast dette ut som ein tur for deg? Meld di interesse til post@filefjellstuene.no eller tlf: 46 665 665 (Booking).

Bedriftane som samarbeidar om pakka er Sørre HemsingSandalsstølenFilefjellstueneGamlestøga hytteutleie og Maristuen Fjellferie AS.