Storstilt utsyn og rolege omgjevnader er nøkkelord for Grindafjell hytteområde. No er feltet «Storsteinlie» ute i marknaden.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Grindafjell satsar friskt

Grindafjell satsar friskt

01. april 2019

Med nytt felt i sal, splitter nye heimesider og aktivt sals-arbeid på messer i og i sosiale medium er aktiviteten høg for Grindafjell hytteområde.



– Det meste er seld ut i Haugastølfeltet og no er infrastrukturen på plass i Solsteinlie rett nedanfor. Difor var det naturleg å fornye oss på nett og å vera aktivt til stades for å møte potensielle kjøparar i Vang, fortel Eivind Akervold i Grindafjell hytteområde.

Nettsida vart lansert til hyttemessa i Bergen tidlegare i mars der Grindafjell var til stades.

- Det er viktig for oss å nå fram til interesserte i Bergensområdet, slik at dei tek med Vang og oss når dei ser etter tomt. Vi opplevde god interesse på messa og vi er spente på responsen.

Det er Lage Gjevre AS som står for infrastrukturutbygginga i Solsteinlie og dei aller fleste hyttene i heile Grindafjell-området er sett opp av lokale firma.

Frå natur 3.0 og oppover

Grindafjell si plassering i fjella i Vang er det store konkurransefortrinnet til området samanlikna med dei fleste andre hyttefelt i regionen. Dette nyttar dei også bevisst i marknadsføringa.

«Ein går frå ca 20 mil med Natur 1.0 frå Oslo, til Natur 3.0 oppe hjå oss. Med bil ein halv time vestover er ein oppe i Natur 4.0, 5.0, 6.0. Urdanosi oppe ved Tyin er vårt Grindafjells oppgraderte fjell-nabolag. I nærområdet finn ein flotte skiturområder frå trygg skog og gode løyper til krevjande høgfjellslandskap for dei som verkeleg søker utfordringar. Sommerstid er det sykkel og turvalg for alle smaker og de fleste nivå», fortel Grindafjell på dei nye heimesidene.

Dei siktar seg altså ikkje inn på den som har nedoverski og handling øvst på agendaen, men satsar på dei som er ute etter eigne opplevingar i urørt natur og spanande kulturlandskap.

- Vi våger å tru på minimale inngrep i naturen og fråvær av sår frå opplevingsanlegg gjev kvalitetsopplevingar utan stidestykke. Dette er ein bevisst strategi frå vår side som vi ser fleire og fleire teikn på at er riktig. Dei som vil ha det dei store destinasjonane gjev søkjer seg same kva dit. Her kan dei som kjøper finne heilt andre og minst like verdifulle kvalitetar, som ikkje er gjennomkommersialisert, seier Akervold.