Fullsizeoutput 1561
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Gründerkafé kvar torsdag

Gründerkafé kvar torsdag

24. august 2021
Driv du eigen bedrift? Har du en god ide du må prøve ut? Eller treng du berre eit kontor å arbeide på? Då er den flunkande nye Gründerkaféen på Jokerspace noko for deg!

 - Ideen sprang ut frå eit teams møte eg hadde med kollegane mine etter ein altfor lang periode med heimekontor. Me var alle smålei av å ikkje kunne møtast og kun prate via pc - skjerm, seier Beatrice Bieuville, dagleg leiar ved Jokerspace.

Og då kom ideen. Kva om me skapar ein møteplass der folk kan møtast for å diskutere idear, ta med jobben sin, benytte dei ulike maskinane og la kreativiteten blomstre?

Frå ide til verkelegheit - kvar torsdag frå 09.00 - 16.00 kan du no besøke Gründerkaféen på Jokerspace!

- Det er ikkje slik at ein må være Gründer for å koma. Om du er lei av heimekontor og treng å møte folk er dette også ein ypperleg mogelegheit. Ta med jobben til eit kreativt kontorfelleskap her, seier Bieuville. 

- Her er det mogleg å benytte alle maskiner om du treng dei. Eg vil og vere behjelpeleg om du treng ein innføring i korleis dei brukast, smiler ho. 

Gründerkafé er heilt gratis og er open for alle som ynskjer å ta turen innom. 

 

Lurar du på noko eller treng du meir informasjon? Kontakt leiar Beatrice Bieuville på 966 34 920.