Guro Furunes Pettersen er klar for nye eventyr både i Vinjerock og Vang!
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Guro er ny festivalsjef for Vinjerock

Guro er ny festivalsjef for Vinjerock

21. september 2022
Guro Furunes Pettersen (31) er rykande fersk festivalsjef for Vinjerock og skal halde støtt i roret vidare. Men kanskje endå betre - ho er blitt heiltids Vangsgjelding og stortrivst!

- Det føles veldig bra å ha flytta til Vang, det er utruleg godt å føle på ein anna ro og eit litt anna tempo enn i Oslo, der eg har budd dei siste åra, smiler Guro Furunes Pettersen. 

Oppdalsjenta er ikkje ukjent i Vang, ho har nemleg vore med i Vinjerock-eventyret heilt sidan 2014 og har lang erfaring frå fleire felt i festivalen. Difor er det kanskje ekstra gledeleg at Guro vel å slå seg ned i bygda på heiltid etter alle desse åra! 

- Eg har jo vore her mykje i samanheng med festivalen og er relativt godt kjent, men eg har jo fortsatt mykje til gode å oppleve. Blant anna gler eg meg til å lære meg alle navn på områdene eg skal gå tur i, og til folk helser på meg i butikken - då er ein inne i varmen, ler Furunes Pettersen. 

 

Frå ein draumejobb til ein ny draumejobb

Ikkje berre har Guro lang fartstid i Vinjerock! Ho har nemleg og brei erfaring frå kulturlivet ellers i landet, og har jobba blant anna for Norske Kulturarrangørar, Oslo World, Trondheim Calling, Kulturrom og Olavsfest. I tillegg har ho sidan 2020 vore bookingsjef for Vinjerock. 

Og no er altså bookingsjefen booka inn som festivalsjef! 

- Det er veldig gøy, for bookingjobben i Vinjerock har eigentleg alltid vore draumejobben min. No tek eg med meg den inn i stillinga som festivalsjef. Kan du tenkje deg ein betre jobb? smiler Furunes Pettersen. 

- Eg hadde aldri sett for meg at eg skulle bli sjef nokon gong, men er det ein stad det må vera dødskult å vera sjef - så er det jo Vinjerock! Dessutan er ein aldri åleine i denna jobben, ein har eit fantastisk team rundt seg og utruleg mange positive folk, seier ho. 

Guro fortel at det festivalsjef-stillinga kom på rett tidspunkt i livet. Etter fleire år i Oslo med koronajobbing og heimekontor, var tida inne for å lande stødig i Vang, med nye utfordringar i sikte. 

- Det blir utruleg spennande å ta fatt på jobben. Det som er så artig med Vinjerock er at det er rom for å tenke annleis og vera kreativ, ein treng ikkje gjere alt etter boka - og det er veldig artig, smiler Furunes Pettersen.

- Eg trur det einaste eg gruer meg til er å seia nei, det er eg veldig dårleg på. Eg er veldig ja-menneske, så det kan bli ei lita utfordring, ler ho. 


Og med det som einaste utfordring, ynskjer vi Guro varmt velkommen til bygda!