Torgrim Grøv satsar på vedlikehald og nylegging av torvtak med ny kran og nytt firmanamn. Jørgen Haugen er med på laget og saman tilbyr dei eit stort utval tenester.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Han fiksar taket ditt

Han fiksar taket ditt

28. april 2020

Etter meir enn 25 år som torvlegger i Valdres ser Torgrim Grøv ein stor marknad for vedlikehald av torvtak.

- Det er fleire stygge enn flotte torvtak i dalen og det er ofte relativt enkle grep som skal til for å fikse på det. Problemet for dei fleste er at denne «plenen» er på taket og då er det greitt med både kran og fagfolk, fortel Torgrim Grøv.

Han byrja i bransjen som fjortenåring med trillebår, torv stikka for hand og lånt traktor. No har han nett henta ny kran til bilen sin og er klar for ein travel sesong.

Tilbyr serviceavtale

For alle nye torvtak han legg er to års service inkludert i prisen. Mange ynskjer å forlenge denne avtale ut over to år, og Grøv er fleksibel på både avtalar og jobbar.

– Vi tilbyr gratis befaring og så ein vedlikehaldsplan. For mange er det ikkje veldig omfattande vedlikehald som skal til, mens det i andre tilfelle er snakk om totalrehabilitering for å få grønt tak att.

Den nye krana vert også nytta til reine kranoppdrag for den som treng det.

Gode samarbeid

Legging av nye torvtak er framleis eit hovudfokus for bedrifta og der byrjar sesongen med ein tur til Florø for å leggje tak neste veke.

- Hovudmarknaden er hytter i Valdres og det vil det nok også vera framover. Eg har godt samarbeid med alle dei lokale entreprenørane i Vang, og denne typen samarbeid er absolutt aktuelt med fleire entreprenørar i hyttemarknaden i Valdres.

Vilktkjøtt og bilpleie

Med nytt firmanamn og auka fokus på vedlikehald er også ein ny person på plass. Barndomskompisen Jørgen Haugen har nemleg flytta heim til Vang og dei samarbeider både om vedlikehald av torvtak og fleire andre oppgåver.

– Vi er to staute karar frå Vang med brei arbeidserfaring som tilbyr eit stort utval tenester. I ytterkantane er vel bilpleie og viltkjøtt. Og mellom der kan ved, graving, trefelling, transport, snekkering, måling og skigard nemnast, fortel Grøv.

Ynskjer du befaring eller ein jobb gjort? Kontakt Grøv på 905 18 439 // valdrestorv@gmail.com