Vangsmjøsa og Skutshødn.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Har du ein bolig til leige?

Har du ein bolig til leige?

28. mars 2022
Vang kommune har behov for fleire boligar til leige for flyktningane som skal busettes i kommunen. Kanskje du kan hjelpe til?

Kommunestyret vedtok Torsdag 24. mars at Vang kommune skal ta i mot 15 flyktningar som skal busettes i kommuna. Dette er det Vang Læringssenter som arbeidar med.

- Me treng no boligar å leige til flyktningane som kjem. Nokon har allereie teke kontakt med kommunen etter at ordførar gjekk ut på Facebook og oppmoda til det, men me vil gjerne komme i kontakt med fleire som kanskje har eit husvære å leige ut til dømes for ein familie, seier Bertine Fretheim Neverdal, leiar ved Vang læringssenter. 

Ta kontakt med konstituert leiar ved Vang Læringssenter om du har noko å tilby på både kort sikt og litt lengre. Dei som allereie har teke kontakt vil bli kontakta fortløpande. 

Kontaktinformasjon til Bertine Fretheim Neverdal; Bertine.Fretheim.Neverdal@vang.kommune.no og tlf 90 10 24 59.