Fullsizeoutput 16Fe
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Haustferieaktivitetar med Vang frivilligsentral

Haustferieaktivitetar med Vang frivilligsentral

06. oktober 2021
Vang frivilligsentral med fleire inviterer til artige haustferieaktivitetar!

Tysdag 12. oktober blir det Handarbeidsverkstad på Vang folkebibliotek kl. 12-15. Her er det husflidslaget som byr på perling, veving, tekning og hekling. Målet er at ungane kan lage ting som kan seljast til inntekt for TV-aksjonen veka etter!

Temaet i år er barn, ikkje brud, altså kampen for at ungar skal få vere ungar og ikkje giftast bort. Då er det flott å synleggjere tematikken gjennom gode aktivitetar og leik. 

Torsdag 14. oktober blir det Aktivitetsdag utanfor VBU kl. 12-15. Då skal vi leike og spele spel frå BUA! Det blir disc-golf, kjempe-mikado, kubb, slengtau og strikk, og læringssenteret stiller med matservering. 

Vil du hjelpe til? Vi tar gjerne i mot fleire frivillige begge dagane, til å hjelpe ungane med handarbeidet, eller bli med på spel og leik på aktivitetsdagen!

Ta kontakt med frivilligsentralen@vang.kommune.no om du vil bidra. 

Aktivitetane er i hovudsak for ungar i skulealder. Dei minste bør ha med seg ein vaksen. 

Velkomen skal de vere!