Fullsizeoutput 170A
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Haustkonsert med Fjellblom musikklag

Haustkonsert med Fjellblom musikklag

15. oktober 2021
Det er duka for ein skikkeleg feiring når Fjellblom musikklag arrangerer Haustkonsert på Åsvang neste syndag!

- Det finnes vel ikkje nokon betre måte å feire gjenopninga av landet, enn å arrangere ein skikkeleg Haustkonsert for heile bygda, smiler Tone Lajord. 

Det er nettopp det Fjellblom musikklag skal gjere den 24. oktober kl. 19 på Åsvang skule.

Her blir det eit rikhaldig program med ulike musikalske innslag, underhaldning, loddsalg og sjølvsagt, på ekte Valdresvis; noko gøtt attåt kaffien! 

- Dette er fyrste konsert me speler etter koronaviruse braut ut, så no føles det svært hyggeleg å få be inn til konsert igjen! Det blir eit ¨happy¨ budskap rundt det heile, og god stemning, lovar dirigent Dag Inge Bruflot. 

Gratis inngang for alle, flotte premiar ved loddsalg og ein svært triveleg kveld.

Velkommen til haustkonsert med Fjellblom musikklag!