Marte Tangen på Frivilligsentralen er klar med haustprogrammet for bibliotek og frivilligsentral.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Haustprogrammet klart

Haustprogrammet klart

22. august 2019

To kurs, ein førpremiére, litteraturkveldar og aktivitetar for ungar – hausten på Vang folkebibliotek og Vang frivilligsentral inneheld det meste.

Først av alt blir det ein stor valdebatt, der både listetoppar og fleire av kandidatane frå partia i Vang vil bli grilla av debattleiar Erik Wold, fortel dagleg leiar ved Vang Frivilligsentral, Marte Tangen. 

Vang scorar som før veldig høgt på deltakinga i sommarles, og på avslutninga blir det premieutdeling og eit forrykande trylleshow!

– Aktivitet for ungar blir det også i haustferien, med musikkteater av høg kvalitet, og kanskje nokre filmvisningar, opplyser Tangen.

Førpremiere

Bandet Kalandra med vangsgjelding Jogeir Daae Mæland i spissen har spelt inn musikkvideo på Tyin i vinter, den blir sjølvsagt lansert aller først i Vang.

– Lansering blir det også av ‘Vangsalbumet’ som Vang historielag er i ferd med å ferdigstille, og Anders Lundberg si nye bok om Filefjell vil bli presentert på årets bokkveld, fortel Tangen.

Der blir det også feiring av urfolksåret 2019, med fokus på samisk tradisjon i Vang. Kjell Bitustøyl kjem for å fortelje, og Laila Otervik stiller med ein smak av reinskjøt.

– Kirsti Baggethun er klar for nok eit bokbad, men kven forfattar som kjem er framleis ein hemmelegheit, fortel Åstad Brenna ved Vang folkebibliotek. 

Det blir også presentasjon av nye bøker, når dei beste formidlarane frå Fylkesbiblioteket reiser rundt med ‘Lesegleder’. Valdres sparebank held nettbankkurs og Vinjerock vil i samarbeid med Jørn Hilme-stemnet lære bort nokre arrangørtriks, og vi avsluttar som tidlegare år med ein real julelunch i god, fleirkulturell stil.

– Ellers held Elisabeth Sparstad held fram med sine norsktimar kvar onsdag, og i siste liten har vi fått på plass nok leksehjelper til å fortsette med lekseklubben. Lesesirkelen held også fram – her er det plass for både nye og gamle lesarar. Velkomen til ein spanande haust på biblioteket og frivilligsentralen i Vang, avsluttar Tangen.

Du kan laste ned heile programmet på frivilligsentralen sine heimesider