Mellom seksti og sytti hadde funne vegen til bygdepraten på biblioteket onsdag.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Haustprogrammet på biblioteket/frivilligsentralen er klart

Haustprogrammet på biblioteket/frivilligsentralen er klart

27. august 2018

Badstovekveld, forteljarkurs, jordbruksdebatt og sykkelforedrag med Makken - det er nokre av godbitane du kan få med deg i haust på folkebiblioteket og frivilligsentralen i Vang.

- Det er altid veldig stas, og litt nervepirrande å lansere programmet for sesongen, og vi håper det inneheld noko for ein kvar smak. Husflidslaget inviterer til handarbeidsverkstader for ungar, og mållaget ber til dialektkveld. I tillegg blir det aktivitetar i haustferien, og studiegruppe for dei som les til teoriprøva, fortel dagleg leiar ved Vang Frivilligsentral, Marte Tangen. 

Den tradisjonsrike bokkvelden er sjølvsagt på plass, det er også fleirkulturell julelunch som det var stor suksess med i fjor. Årets haustutstillar er Monica Winther, i tillegg kan du sjå ei H. C. Andersen-utstilling i delar av september/oktober.

– Frivilligsentralen inviterer også til dialogmøte om frivilligheita i Vang, og aller først ut på haustens program er eit besøk av Klovnen Knut når vi avsluttar årets sommarleskonkurranse.

Du kan laste ned heile programmet på Frivilligsentralen sine heimeside , eller kom innom biblioteket og få det med deg i handa.

– Og hugs - alt er gratis og ope for alle. Velkomne til ein kulturell haust i Vang, avsluttar Tangen.