Matre 3 (1)
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Haustutstilling med Gerd Wevling Matre

Haustutstilling med Gerd Wevling Matre

25. september 2023
Fredag 29. september kl. 18.00 inviterer kunstutvalet til opning av årets haustutstilling!

Kunstutvalet ynskjer velkomen til haustutstilling med Gerd Wevling Matre. Ho jobbar  mykje med tre, både skulpturar, installasjonar og bilete. Ho har ei sterk tilknytning til natur  og dyr, og det er nettopp samspelet mellom menneske, natur og dyr som står i fokus i  kunsten hennar. «Det er noe med spor av levd liv som jeg er opptatt av, og alt man pådrar  seg underveis. Fysisk og psykisk. I mennesker, i naturen, i virke, uansett hvor jeg går. Det  er en del av vår kulturhistorie.» 

Sjølv driv ho ein økologisk gard med sau. Sauene gneg på trestammar og kvist. Ein kan  sjå spor av tenner, ei særeige overflate har vekse til. Dette råmaterialet blir så eit  utgangspunkt for mange av verka. 

Wevling Matre bur i Sarpsborg, og jobbar ved atelierfellesskapet Hylla på  Hydrogenfabrikken i Fredrikstad. Kunsten hennar er blant anna innkjøpt av Oslo  kommunes kunstsamlinger og Sørlandet kunstmuseum. 

På opninga vil vi også få høyre Ole Kristian Nyhagen spele på både bukkehorn og lur!  Nyhagen kjem fra Bagn, er ein allsidig musikar. Dei siste åra har han spelt mykje  folkemusikk. 

Obs! I år er opninga på ein fredag kveld! Fredag 29. september kl. 18.00-19.00.  Kunstnaren er tilstades og vil gje ein artist talk. 

Enkel servering. 

Utstillinga blir ståande ut oktober. 

Design av plakat: Ingrid Wigdel. www.ingridesign.no 

Kunstutvalet i Vang v/Marianne Isachsen