Skjermbilde 2018-10-25 09.07.47.png
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Haustutstilling med Monica Winther

Haustutstilling med Monica Winther

25. oktober 2018

Kunstutvalet i Vang ynskjer velkomen til opning av utstilling laurdag 27. oktober kl. 13.00 på Vang folkebibliotek. Biletkunstnar Monica Winther vart uteksaminert frå Kunstakademiet i Bergen i 2007, og har sidan den gong hatt mange utstillingar i inn- og utland. I dag bur og arbeider ho i Oslo, og no er vi så heldige at ho kjem til Vang!

Arbeida til Winther tek gjerne form som stadspesifikke installasjonar, og dei vert ofte konstruert ut ifrå ein overflod av tekst, skulptur, teikning, veggmåleri, lyd og video. I Vang har utstillinga hennar tittelen «Det forandrer seg hele tiden selv om det ikke gjør det».

Winther skriv om utstillinga: «Er ein som individ allereie skapt eller er det ein kontinuerleg skaping som går føre seg? Er det ein tilstand eller ein prosess? Eg målar og teiknar. Ofte portrett, sjølvportrett, ofte abstrakt, men veit ikkje heilt
kvar det går. Det er mi største frihdom, og samstundes noko av det mest utfordrande eg gjer.»

Vi får sjå nye målerier, teikningar og skulptur. Og på sjølvaste opninga vil ho gjere ein performance. Dette er ein versjon av ein performance som ho nyleg gjorde i Svolvær v/ Nordnorsk Kunstnersenter. Velkomen til ei spanande og kanskje ei
uføreseieleg opning!

Det vert enkel servering. Utstillinga blir ståande til midten av januar, og kan besøkast i biblioteket si opningstid.