Astrid Nondal stiller ut måleri og nokre skulpturar under årets haustutstilling.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Haustutstillinga opnar laurdag

Haustutstillinga opnar laurdag

12. oktober 2020

Kunstutvalet i Vang ynskjer velkomen til opning av haustutstilling laurdag 17. oktober kl.13.00. Astrid Nondal stiller ut måleri og nokre skulpturar. 

Nondal er oppvaksen i Tyssedal, med ein natur som ho sjølv beskriver som valdsam, og det er nettopp naturen som pregar kunstnarskapet hennar. Ho vart uteksaminert frå Statens Kunstakademi i 1989, og har jobba mykje med landskap og naturrelaterte motiv. 

«Jeg bruker naturen og det gjenkjennelige i naturen som en ingrediens. Det ligger nært for meg å bruke disse uttrykkene for å si noe som ikke kan sies tydelig og rett frem, det må antydes og ymtes på en subtil og vag måte. Det er viktig for meg at bildene skal kunne fornemmes, merkes og anes mer enn å skulle avleses, seier Nondal».

På opninga vil kunstnaren vere tilstades. Vi får også eit musikalsk innslag ved Dominik Schmidt-Philipp. Han har laga musikk i høve opninga, inspirert av bileta til Nondal. Det vert enkel servering.  

I haust har vi plassrestriksjonar. For påmelding: send namn og telefonnummer til biblioteket@vang.kommune.no eller ring 61 36 94 26.

Alle må følgje gjeldane smittevernreglar.

Utstillinga vert ståande til midten av januar og kan besøkast i biblioteket si opningstid.