Koseleg fredagspoker med VM i poker (2 of 14).jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Heftig pokerturering i Vang

Heftig pokerturering i Vang

11. november 2019


Med ekstra spelebord på plass var det folksamt på Mjøsvang kafe under «koseleg fredagspoker med VM i poker». Odd Egil Skeie stakk av med fyrsteplassen og gåverkort på kr 6000,- hjå Intersport Filefjell.


– Det vart ein lang kveld med mykje artig pokerspel, god prat og eit knallsterkt finalebord fortel Frank Thune som er aktiv i pokerklubben Grindafjell poker og mjød primus motor for fredagens VM.

Med 75 påmeldte og nokre færre som opp til møtte til dyst, var dette ei av dei største pokerturneringane som nokon gong er arrangert i Valdres. 

Her er finalebordet

1.plass Odd Egil Skeie - Gåvekort Intersport Filefjell 6000kr
2.plass Kai Rune Hemsing - Gåvekort Tindulf 2500kr
3.plass Vidar Kassel - Gåvekort Vangivaldres Taxi 1500kr
4.plass May–Britt Sveberg - innkjøp i Julepokerturneringa 2.juledag
5.plass Lars–Ådne Shlytter - middag for 2 hjå Mjøsvang kafe
6.plass Rita Dalemark - gratis inngang for 2stk på valfri Fredagkos
7.plass Kai Arne Tørstad - T-skjorte frå Grindafjell poker og mjød

Arrangørane takkar alle som har bidrege med premiar!

Uformell møteplass

Fredagskos med vangsmeisterskap (VM) i poker var eit samarbeid mellom «Grindafjell poker og mjød» og Innovangsjon. Pokerklubben startar sesongen i desse dagar og har turneringar brorparten av fredagskveldane gjennom vinterhalvåret.

– Det er rått at pokerklubben opnar dørene både til dette arrangementet og elles. Det ein uformell møteplass av aller beste merkje her i bygda, sa Hallgrim Rogn frå medarrangør Innovangsjon.

Han tok ordet eit lite minutt i fyrste spelepause presenterte både nokre nye og eit par komande vangsjgjeldinger.