IMG_3895.JPG (1)
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Heftye Opplevelser på Eidsbugarden

Heftye Opplevelser på Eidsbugarden i vinter

19. oktober 2016

Helga 20.-23. april 2017 kan du oppleve den fyrste frikøyringskonkurranse på Eidsbugarden. 40 utøvarar vert spesielt inviterte til å delta i konkurransen, som finn sted i fjellsidene som omkransar Eidsbugarden. 

Marte Lerkelund, som saman med to andre står bak Heftye Opplevelser, kan fortelje at det er planlagt eit rikt program som vil glede dei fleste, og forsikrar om at helga vil vere like spennande for publikum som for deltakarane i konkurransa.

- Sjølv om det er frikøyring som står i fokus denne helga legg vi opp til ei spanande langhelg for alle som ikkje sjølv skal delta i konkurransen. Det vert både kurs, guida turar og andre aktivitetar både fredag og laurdag. Du kan og få med deg foredrag og underhaldning på kveldstid, seier Marte som legg til at laurdagen vert eit høgdepunkt med finalen i frikøyringskonkurransen, etterfylgt av konsert, premieutdeling og fest i Bar Heftye på Eidsbugarden Hotell.

Frikøyrarane Ole-Kristian Strøm og Sigurd Løvfall står for invitasjon og gjennomføring av konkurransen. 

Heftye’s Basecamp Eidsbugarden kan du være med på helga 30.03-2.04 i 2017! Eit omfattande samarbeid mellom Heftye Opplevelser, Fondsbu, Eidsbugarden Hotell, JVB og Tyin Aktiv står bak suksessen som finnes både i sumar- og vinterklede.

- Dette er en camp vi har hatt i to år allereie, og i fjor var den veldig populær med opp mot 200 deltakarar. Vårt fokus på denne campen er at dette skal være ei helg der deltakarane har mulegheit til å teste sine eigne grenser og ferdigheiter, nye toppturar, nytt utstyr, nye aktivitetar og samtundes bli kjent med masse nye menneske som dei kan hauste erfaringar frå og kanskje dra på fleire turar saman med. På kveldstid er det hyggeleg stemning med foredrag, underhaldning og ein skikkelig fest i Bar Heftye laurdag kveld, fortel Marte.

Sjekk ut Heftye Invitational og Heftye’s Basecamp Eidsbugarden på Facebook for meir informasjon om billetter, program og praktiske omsyn.