No kan du sikre deg årskort til Tyin-Filefjell skisenter og skikkelege opningstider i same slengen.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Heisen med utvida opningstider

Heisen med utvida opningstider

23. september 2019

Etter ein sesong delvis på sparebluss i fjor ynskjer drivarane av heisen på Tyin-Filefjell å sjekke interessa for førehandssal av årskort knytt til utvida opningstider.

I praksis betyr dette at alle heiser går alle helge-og feriedagar frå 26. desember og ut sesongen. I tillegg går Børrenøsheisen og barneheisen enkelte vekedagar.

– Om vi sel nok årskort no forpliktar vi oss til å halde opningstidene til dette nivået, noko vi også sjølvsagt ynskjer, fortel Magne Grihamar i Tyin/Filefjell utvikling (TFU).

Dei har no eit felles mål med alle andre aktørar i området om meir bruk av området gjennom vinteren.

– Vi håpar sjølvsagt at mange på båe sider av fjellet og flest mogleg hytteeigarar nytter høvet til å sikre seg årskort til ein grei pris og skikkelege opningstider i heisen, fortel Grihamar.

Det vert ellers tett aktivitetsprogram på Tyin-Filefjell gjennom vinteren, samt nokre større arrangement. Fyrst ut er oktoberfest 5. oktober.

TFU rekrutterar også folk til både skiutleie++ og heisdrift i desse dagar.