D7E8C987 C2FD 4251 BA44 6F907D0C5556 (1)
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Held gnist i gamle handverkstradisjonar

Held gnist i gamle handverkstradisjonar

27. januar 2022
I Thorpe grendehus møtast eit knippe trufaste og kreative sjeler kvar torsdag.

Ned ei trøpp og igjennom ein mørklagt gang. Nederst, bortest og innerst i kjellaren. Mellom sagflis, verktøy og høvelbenker, lattermilde fjes og eim av kaffi. Her inne lev gamle snikkarkunster i beste velgåande. Tida står stille her inne. 

Her er ingen sveip til høgre eller venstre, kun gammel, god sort - handlaga. Her er ingen 3D printer, men berre fingernevene. Her er ingen datamaskin for symmetri, kun det blotte auge.

Her inne, bevares gamle handverkstadisjonar.

 

Den gode møteplassen 

Torsdager er nesten hellige for denne gjengen. Her møtast dei for å arbeide på eigne prosjekt, utveksle erfaringar og lære av kvarandre.

Og kanskje aller viktigst; den gode praten og den gode kaffekoppen.

- Me har verken melde eller møteplikt, ei heller fråværsgrense. Dette er berre lystig lag, smiler Boye Thorpe. 

- Det er jo mest for det sosiale, me prater nok meir enn me arbeider på desse prosjekta våre, ler Harald Olav Jevne. 

Ingen av karane verken stiller ut eller sel noko av det dei lagar på verkstaden, men er ikkje fremmed for å ta på seg eit oppdrag i ny og ne. 

- Det er jo ikkje sikkert du får nei med ein gong hvert fall. Mange av uss synes nok det er triveleg å pusle på med eit litt lengre prosjekt, smiler Thorpe.

Karane i snikkarverkstaden sitt på erfaring og kunster frå mange år tilbake. Stort sett går det etter planen, men om det verkeleg skulle gå skeis, ja då har dei løysninger på det også; 

- Det er alltid god plass i vedovnen til skrot og uferdige stubber. Fleire prosjekt har egna seg godt til vedfyring, ler Jørgen Kvam. 

 

Lange tradisjonar i grendehuset 

I mange år har desse karane halde fram med aktivitet i grendehuset. Faktisk så er dei tilbake der det heile starta - framhaldsskulen.

Då som no var det snekkerverksted i kjellaren, og mang ein guttunge lærte seg å treffe spikaren på hovudet her. 

- Det har vore stor aktivitet her i mange år. For 20-30 år sidan var det fullt av folk her kvar torsdag, både damer og herrer. Då var det aktivitet her i snikkarkjellaren og i andre etasjen var både broderi, veving og sying, seier Helge Søndrol. 

- Den tid er dessverre forbi. No er det nok mest me som held fortet, men me skulle gjerne hatt med fleire. Her er nøgde plass til enhver som ynskjer. Ung, som gamal, smiler Håkon Einar Berge. 

 

Har du lyst til å vera med på lystig torsdagslag med desse karene?

Då er det berre å møte opp i Thorpe grendehus torsdagar 10-14. Det koster deg ikkje ein einaste riksdal, og får deg garantert i makalaust humør! 

 

(Sjå fleire bilete lengre ned på sida)